Rem cetus foto Rem Offshore 11
FORLENGA KONTRAKT: PSV-en Rem Cetus er mellom tre Rem Offshore-skip som har fått forlenga oppdrag på britisk sektor. Foto: Rem Offshore
Nytt

Ein rekke nye Rem-kontraktar

Tre skip har fått nye eittårsoppdrag. Fleire andre fartøy har meir jobb.

Marius Rosbach
14.03.2023

Reiarlaget Rem Offshore melder om ein rekke nye kontraktar for sine skip.

PSV-ane Rem Cetus, Rem Insula og Rem Server har alle fått forlenga oppdrag for Apache North Sea Limited på britisk sektor i Nordsjøen med eitt år.

Reiarlaget har hatt fleire skip i arbeid for det britiske selskapet dei siste åra, og nøgd med at dei har sikra seg fleire oppdrag, ifølgje ei melding på Facebook.

Rem Commander-skipet har fått arbeid med å plugge 14 oljebrønnar for Spirit Energy North Sea Oil Limited. Oppdraget vil truleg ta rundt ti månader.

Samtidig har Rem Arctic sikra seg arbeid på minst fire oljebrønnar, medan Rem Trader er inne i sitt avsluttande år på oppdrag for nederlandske Van Oord. Skipet har arbeid til minst starten av juni, men oppdraget kan bli forlenga med nokre månader.

Publisert: 14.03.2023 21:09

Sist oppdatert: 14.03.2023 21:17

Mer om