- Ein veldig betydeleg ordre
Etter å ha levert utstyr til Atlantic Sapphire to gangar før, fekk MMC First Process fullklaff.
Utstyrsleverandøren frå Digernesskiftet og Herøy har levert utstyr både til Atlantic Sapphire sitt landbaserte anlegg i Danmark og til første byggetrinn ved Miami i Florida.
Den første leveransen var i 2019, men både til Danmark og Miami-anlegget var det det i første omgang delleveransar.
No skal MMC First Process levere heile systemet som transporterer fisken inn, ut og mellom kara i anlegget i Atlantic Sapphire sitt andre byggetrinn i Miami.
Byggetrinn to er tre gangar større enn første byggetrinn.
To store oppdrag på kort tid
MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske vil ikkje talfeste kor stort oppdraget er, men seier at: - Det er ein veldig betydleg ordre.
I mai signerte han og Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik avtale om at MMC First Process skal levere systemet som skal håndtere all flytting av levande fisk ved oppdrettsanlegget Salmon Evolution byggjer på Indre Harøy i Romsdal.
- Like viktig, med potensiale for meir, sier Fauske og Atlantic Sapphire-avtalen samanlikna med Salmon Evolution-oppdraget.
MMC First Process skal vere ferdig med leveransen til byggetrinn to hos Atlantic Sapphire i juli 2022.
Nattleg innspurt
Sluttespurten i kontrakten mellom Atlantic Sapphire og skjedde i natt og utover dagen i dag og vart endleg avslutta før selskapa held ein felles pressekonferanse på Aqua Nor i ettermiddag.
MMC First Process har i to omgangar tidlegare i år gått ut med at selskapet søkjer fleire folk og Fauske seier mange av dei som skal arbeide med Atlantic Sapphire-oppdraget alt er tilsett i selskapet.
Frå april 2020 har selskapet opplevd rekordstor ordreinngang.
MMC First Process omsette for 534,9 millionar kroner i 2020 , ned frå 603,5 millionar kroner året før.
Resultatet før skatt enda på 16,2 millionar kroner, ned frå 47,7 millionar året før.
Les også
Publisert: 25.08.2021 15:36
Sist oppdatert: 25.08.2021 16:34