Petter leon Fauske i MMC First Process og Roger Halsebakk i Sølvtrans signerer avtale foto Marius 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
MILLIARDAVTALE: Her signerer MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske (sitjande t.v.) og Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk det Fauske kallar ein "giga-avtalte". Foto: Marius Rosbach
Nytt

MMC forventar nytt knallår

Selskapet permitterte 115 tilsette i to månader under koronapandemien. Etterpå har kontraktane strøymd på.

11.08.2021

MMC First Process utvikla ulike likviditesscenario under pandemien, og gjekk også i dialog med banken rundt likviditet og rammer for sikring av valuta.

115 tilsette vart delvis permitterte i to månader.

Og så snudde det. No styrer Herøy-selskapet mot eit toppår, og frå april 2020 har selskapet opplevd rekordstor ordreinngang.

Det skriv styret i årsrapporten, etter eit år der selskapet omsette for 534,9 millionar kroner, ned frå 603,5 millionar kroner året før.

(saka held fram etter tabellen)

MMC First Process
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 534,9 603,5
Driftsresultat 31,9 24,7
Resultat før skatt 16,2 47,7

Ny valutastrategi
Resultatet før skatt enda på 16,2 millionar kroner, ned frå 47,7 millionar året før.

Bak tala skjuler det seg at selskapet har bokført eit urealisert valutatap på 12,2 millionar kroner på sine terminkontrakter i Euro og US dollar.

Frå desember 2020 har selskapet gått over til sikringsbokføring av inntektene på større salskontraktar i valuta. Knytta til denne endringa har selskapet ein urealisert valutagevinst på 17,0 millionar, ein gevinst som ikkje er bokført.

Milliardavtale
MMC er store på utstyrspakkar til brønnbåtar, fiskebåtar og fabrikkar på land, og i juni i år inngjekk selskapet ein milliardkontrakt med Sølvtrans på levering av fiskehandteringsutstyr på 19 brønnbåtar fram til 2025.

Fleire tilsette
Selskapet hadde ved årsskiftet 157 årsverk, men storkontrakten førde til at selskapet i første omgang lyste ut 16 nye stillingar og planla å auke arbeidsstokken med til saman 31 personar i løpet av 2021.

I 2019 hadde MMC First Process 144 tilsette.

Artec Aqua-avtale
I mai i år sikra dei selskapet seg også eit større oppdrag med Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Indre Harøy i Hustadvika kommune.

Her er MMC First Process vald som leverandør av systemet som skal handtere all flytting av levande fisk ved oppdrettsanlegget.

Denne kontrakten er inngått med Artec Aqua i Ålesund som er totalentreprenør for utbygginga.

Av omsetninga i 2020 var 388 millionar knytt til fiskehandteringsutstyr, 79 millionar til prosessutstyr og 67 millionar til kulde.

Selskapet omsette for 256 millionar kroner i Norge, men veksten var klart størst utanom Norge og resten av Europa, med 243 millionar kroner, mot 85 millionar i 2019.

Lite gjeld
MMC First process har ein samla eigenkapital på 94,6 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 10,5 millionar.

Selskapet er eigd av MMCFP Holding, der Credo Invest er største eigar.

Eigarane kan for 2020 fordele eit utbyte på 19,1 millionar kroner.

Publisert: 11.08.2021 08:45

Sist oppdatert: 11.08.2021 23:53