- Eit fantastisk godt år
Den viktige restaurantmarknaden svikta på grunn av koronakrisa, men Coldwater Prawns auka likevel lønsemda i fjor.
- 2020 var eit fantastisk år for oss seier Coldwater Prawns of Norway-sjef Knut Helge Vestre.
Han er optimistisk også for 2021, med seier det er for tidleg å svare på om dette året blir like godt som det førre.
Alt i butikk
Sal til hotell- og restaurantmarknaden utgjorde 40-50 prosent av driftsinntektene før den verdsomspennande koronaepidemien kom, men Coldwater Prawns of Norway greidde å meir enn erstatte salssvikten i hotell- og restaurantmarknaden med auka sal til daglegvarebutikkane.
I eit par veker framover er deler av arbeidsstokken ved fabrikken på Senja permittert. Det skuldast ein mellombels mangel på reker, ikkje vanskar i marknaden. I veke 14-15 er bedrifta attende på tre skift igjen, seier Vestre.
Nordvestlandske reiarar
Coldwater Prawns-konsernet er eig av tre fiskebåtreiarlag på Nordvestlandet - som også fiskar reke - og Knut Helge Vestre, med ein fjerdepart av aksjane kvar.
Hovudkontoret er i Ålesund, der også sal- og distribusjonsverksemda blir styrt frå, medan produksjonen skjer på Senja gjennom datterselskapet Coldwater Prawns Production.
Coldwater Prawns of Norway as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 426 | 364 |
Driftsresultat | 31 | 22 |
Resultat før skatt | 28 | 16 |
Coldwater Prawns of Norway as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 661 | 678 |
Driftsresultat | 7 | 2 |
Resultat før skatt | 12 | 0,1 |
Coldwater Prawns Production as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 350 | 341 |
Driftsresultat | 31 | 22 |
Resultat før skatt | 28 | 16 |
Publisert: 22.03.2021 11:51
Sist oppdatert: 22.03.2021 11:52