Karl Inge Rekdal Sykkylven Stål
TØFT ÅR: Karl Inge Rekdal i Sykkylven Stål hadde budsjettert med vekst i fjor, men koronaepidemien øydela for dei forventningane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

- Eit utruleg krevande år

Då koronakrisa kom sette Karl Inge Rekdal i Sykkylven Stål opp tre alternativ for 2020.

03.06.2021

Det første - og urealistiske alternativet - var at epidemien ikkje skulle ha noko å bety.
Det andre var at driftsinntektene ville falle ned mot 2018-nivået.
Det tredje var at de skulle gå skikkeleg ille.

Fasiten blei alternativet i midten, 49,2 millionar kroner i driftsinntekter, eit fall på nesten seks millionar kroner frå 2019, men litt over 2018-nivået. Sjølv om 2020 enda med eit resultat før skatt på minus 0,6 millionar kroner er Rekdal relativt fornøgd.

- I fjor var eit utruleg krevande år, seier han.

Sykkylven Stål as

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter49,255,0
Driftsresultat0,21,3
Resultat før skatt-0,60,7

Sykkylven Stål leverer mellom anna komponentar til maritim utstyrsindustri. I fjor sto denne delen av verksemda for omlag 20 prosent av driftsinntektene, og det var først og fremst i denne marknaden inntektsfallet kom i fjor.

Selskapet lagar og komponentar til møbelindustrien, og har mellom anna utvikla og patentert ein eigen konstruksjon som kvilestolar kan byggast rundt. Også møbelbransjen fekk en bråstopp då koronakrisa kom, men tok seg raskt opp igjen, slik at inntektene derifrå i fjor vart omlag som i 2019.

Utemøbelsatsing
Gjennom datterselskapet Dynoform, som blei etablert i desember 2020, har Sykkylven Stål-konsernet lansert ein serie utemøblar - Ario - for privatkundar, designa for Dynoform av møbeldesignar Jarle Slyngstad i Sykkylven.

Sykkylven Stål har i fleire år arbeidd for å utvikle eigne merkevarer og nå direkte ut til forbrukarar og sluttkundar i bedriftsmarknaden.

Dynoform-satsinga er ein del av denne strategien.

Sykkylven Stål lagar også skulemøblar og samanleggbare veggfesta senger (Pullmann bed).

Publisert: 03.06.2021 14:03

Sist oppdatert: 13.02.2022 11:02

Mer om