Guldvog Høie Stoltenberg foto NTB
11. mars i fjor heldt helsedirektør Bjørn Guldvog, helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet pressekonferanse om koronaviruset. Mykje har skjedd sidan den gong. Blant anna den første nedstenginga, som kom dagen etterpå. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Eitt år med koronatiltak: Dette har norske helsetoppar lært

Dei åtvara om at éin av fire kunne bli koronasmitta, og var usikre på om tiltaka ville verke. Ikkje alt har gått slik Stoltenberg, Guldvog og Høie frykta.

– Eg trur ikkje nokon av oss klarte å sjå for oss korleis det ville bli, seier helseminister Bent Høie (H) til NTB.

I retrospekt trur han at timinga for dei omfattande tiltaka 12. mars i fjor var viktig for korleis heile pandemien skulle bli i Noreg.

– Det er ein dag alle kjem til å hugse, som hadde veldig stor betydning. Hadde vi gjort det nokre få dagar før, trur eg ikkje vi hadde fått same forståing for tiltaka. Så vi trefte veldig godt med datoen, seier helseministeren.

Seinast 26. februar i fjor sa Høie at det definitivt ikkje var nødvendig å rigge for heimekontor. Så slo regjeringa til med full nedstenging berre eit par veker seinare.

– Det var noko av det vanskelegaste på det tidspunktet. Å faktisk å halde igjen på nokre av tiltaka sånn at vi ikkje brukte dei på eit tidspunkt der folk ikkje ville akseptere så inngripande tiltak, seier han.

Overraskande

FHI-direktør Camilla Stoltenberg seier at det var nytt at styresmakter i fleire land reagerte slik dei gjorde.

– Viljen til å setje i verk omfattande tiltak i store pakkar, på eit tidspunkt der ein ikkje visste kva situasjonen var, sånn som 12. mars i Noreg, det var ei overrasking. Det var ikkje openbert, seier ho til NTB.

Ho påpeikar at det var relativt få påviste smittetilfelle i mars i fjor, få på sjukehus og berre eitt dødsfall.

– Måten ein har brukt føre var-prinsippet på, var den største overraskinga. Viljen til å ta i bruk den typen tiltak før situasjonen var ute av kontroll, fordi ein var utrygg på situasjonen. Det har vist seg å vere bra. Så må ein heile tida balansere det. Tiltaka må vere forholdsmessige.

I mars i fjor sa Stoltenberg at nokre av tiltaka ville vare i minst 18 månader. Spådommen kan sjå ut til å treffe rimeleg bra.

– No veit vi ikkje om det blir 18 månader, det kan jo bli noko meir. Men eg håpar jo at det ikkje blir det. Og vi har framleis tru på at denne tidshorisonten er mogleg, seier ho.

Dystre prognosar

I mars i fjor åtvara helsedirektør Bjørn Guldvog om at 25 prosent av befolkninga, éin av fire, kunne bli smitta. Helsetenesta vart beden om planleggje for at mellom 160.000 og 280.000 fleire sjuke tok kontakt med dei.

Heldigvis gjekk det ikkje sånn.

– Det var jo noko av grunngivinga for dei tiltaka som vart sette i verk 12. mars. For det var jo dei prognosane FHI laga, som eg trur var relativt gode eigentleg. Dei har vist seg å halde stikk viss du ser på smittetrykket i ein del andre land som valde å ikkje setje inn tiltak på eit tilsvarande tidleg tidspunkt, seier Guldvog til NTB.

FHI bereknar no at rundt 2,5 prosent av befolkninga, 132.000 personar, har hatt covid-19 etter eitt år med pandemi.

Slo ned smitten

Noko av det som har overraska Guldvog mest, er at Noreg klarte å slå ned smitten på eit par månader på vårparten i fjor og kunne gå inn i sommaren med relativt låge smittetal.

– Det var kanskje den største overraskinga for meg på det tidspunktet, at vi faktisk var i stand til å drive denne epidemien ned på eit så lågt nivå.

Han meiner det er ganske eineståande at Noreg – òg i lange periodar i året som følgde – klarte å halde R-talet under 1.

– Det er ikkje mange land som har vore der. Og sjølv om vi i periodar har komme litt høgare, så har vi vore i stand til å trekkje det under 1 for å få kontroll på smitten igjen.

Ny innstramming

I vinter har R-talet igjen gått over 1, og no vurderer regjeringa å stramme inn på nytt – omtrent eitt år etter at dei første, inngripande tiltaka kom.

Guldvog vart tidleg overraska over kor fort viruset spreidde seg, sjølv før dei muterte variantane kom.

– Det var ein tanke innleiingsvis at vi gjennom testing og smittesporing skulle klare å halde ei slags oversikt over situasjonen, men med heimkomne turistar frå Alpane viste det seg raskt at det var heilt umogleg å halde tritt med smitten, seier Guldvog.


Publisert: 10.03.2021 08:02

Sist oppdatert: 10.03.2021 08:09

Mer om