168 var tilsett på hurtigbåtverftet i Hyen då selskapet gjekk overende i vår.
I dag er eit nytt selskap, med Aa-familien som eigar, i gang med å bygge båt igjen, skriv Kystens Næringsliv. Selskapet ventar å ha 80-100 tilsette innan sommaren.
Eit forsøk på å kome i gang igjen med eit finske selskap som ny storaksjonær blei ikkje noko av og i førre månad blei det klart at Aa-familien gjorde comeback.
Hurtigbåtverftet Brødrene Aa melde oppbod 30. mai i år. 168 tilsette vart råka av konkursen i selskapet som var den klart største private arbeidsgivaren i Hyen.
Bakgrunnen for konkursen var dei økonomiske utfordringane som oppstod etter at Norled kansellerte kontrakten på tre hurtigbåtar under bygging ved verftet i Hyen.
Ein av dei båtane skal gå i turisttrafikk på Geiranger og skal no byggast om for å tilpassast turistmarknaden.
Publisert: 26.11.2025 16:38
Sist oppdatert: 26.11.2025 16:38






