Seaway Osprey rem pioneer foto Marius 11
GURSKEN: Seaway Osprey låg onsdag ankra opp i Gursken med skroget til Rem Pioneer om bord. Torsdag skal skipet overførast til verftet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

«Ekspresslevering» av skrog til verftet

Snart skal konstruksjonsskipet overførast til Myklebust-verftet. Sjå video.

Marius Rosbach
26.11.2025

Tungløftfartøyet Seaway Osprey kom natt til onsdag fram til Myklebust Verft med skroget til eit nytt konstruksjonsskip om bord. 

Seint tysdag kveld kom skipet til Breisundet før det segla inn Sulafjorden og sørover Vartdalsfjorden til verftet på Gurskøya, ifølgje AIS-sporinga.

Sjå video av skipet på Facebook

Tidleg onsdag låg spesialskipet ute i fjorden i påvente av at operasjonen med å overføre skroget til verftet tek til. Spesialskipet som er nærare 230 meter langt og omlag 45 meter breitt, er truleg det største som nokon gong har vore i Gurskefjorden.

Seaway Osprey rem pioneer foto Marius 4
LEVERAST NESTE ÅR: Rem Pioneer er eitt av to skip Rem Offshore-reiarlaget har bestilt frå Myklebust Verft. Bygginga gir fleire hundre arbeidsplassar over fleire år. Foto: Marius Rosbach

Overførast til verftet torsdag 
På dekk av heavyliftaren står skroget til Rem Offshore sitt nybygg som no skal bli ferdig utrusta ved verftet. 

Verftsdirektør Leiv Sindre Muren ved Myklebust Verft fortel til Nett No at operasjonen med å senke konstruksjonsskipet og flyte det inn til verftet er planlagt å starte ved dagslys torsdag. 

Det er anslått at operasjonen vil ta store delar av dagen. Verftet har hyra inn firmaet Fuglefjellet til å dokumentere det heile.

Opppdatert: Har fått skroget til kai ved verftet

Seaway Osprey rem pioneer foto Marius 3
SPEKTAKULÆRT: Overføringa av konstruksjonsskipet frå heavyliftaren vil bli eit spektakulært syn. Allereie onsdag var fleire skodelystne på plass for å sjå på fartøya. Foto: Marius Rosbach

Har mål om tidleg levering
Transporten starta frå skrogverftet i Vietnam tidleg i oktober. Metoden med tørrtransport gjer at turen til verftet på Sunnmøre går langt raskare, enn ved å slepe skroget. 

Det er ikkje ein heilt uvanleg metode for å frakte skrog frå Asia til norskekysten, men har sjeldan vore gjort av reiarar frå Nordvestlandet som bygger skip i Norge.

Målet til Rem Offshore er å få skipet levert før tida – og dermed sikre fleire dagar ute i oppdrag for skipet.

Myklebust Verft utbygging foto Marius
UTBYGGING: Heavyliftaren ligg eit stykke ute i fjorden. På verftet blir det mellom anna jobba med å utvide verftsområdet. Foto: Marius Rosbach

Tre skip under bygging
Skipsteknisk i Ålesund har teikna konstruksjonsskipet som etter planen skulle bli levert på seinsommaren neste år. Fartøyet som vil få namnet Rem Pioneer er drygt 116 meter langt og 23 meter breitt. 

Til saman har Rem Offshore tre skip under bygging - to ved Myklebust Verft og eitt hos Vard. 

Publisert: 26.11.2025 10:19

Sist oppdatert: 28.11.2025 09:32

Mer om