P367 Stressless Tokyo headrest Original Pal Almond chrome wide foto Ekornes
NY INNPAKNING: Stresslessstolane skal heretter pakkast i emballasje basert på resirkulert plast. Foto: Ekornes
Nytt

Ekornes med resirkulert emballasje

Samarbeider med Vartdal Plast og den tyske kjemigiganten Basf.

04.11.2021

Møbelemballasjen til Ekornes er den første emballasjen Vartdal Plast leverer som er basert på resirkulert plast.

Basf har utvikla prosessen som gjer plastavfall om til olje, som i sin tur blir brukt til å lage råstoffet som Vartdal Plast brukar til produsere emballasjen til Ekornes.

Sirkulær økonomi
For Vartdal Plast er møbelemballasjen basert på resirkulert plastavfall eit nytt steg på vegen mot å få ein meir sirkulær økonomi, der meir av produksjonen blir basert på resirkulerte råstoff.

Frå før har Vartdal Plast lansert byggisolasjon basert på biogass som råstoff, og seinare i år kjem fiskekasser basert på same råstoff som møbelemballasjen.

Mindre utslepp
Den nye emballasjen ser ut som emballasjen som blir produsert direkte frå fossilt råstoff og har same kvalitet, men fører til minst ei halvering av CO2-utsleppa, skriv Ekornes, Vartdal Plast og Basf i ei felles pressemelding.

Det passar perfekt inn i Ekornes sin berekraftstrategi seier berekraftansvarleg Solveig Gaundal i Ekornes i pressemelding.

Publisert: 04.11.2021 10:43

Sist oppdatert: 04.11.2021 10:43