Vartdal er blitt størst i landet på EPS-innsamling
No samlar de inn på Austlandet også. Kraftig auke i råvareprisar gir betre reknestykke for resirkulerte produkt - men óg auka kostnader.
Vartdal Plast i Ørsta opna i fjor eit anlegg på Liadal for komprimering av ekspanderbar polystyren – også kalla EPS.
For å bidra til miljøet og på sikt få tak på råvarer til eige produksjon, samlar dei inn EPS-avfall frå gjenvinningsstasjonar frå Trøndelag og nedover kysten til Bergen. Det har gjort Ørsta-bedrifta til den største dedikerte EPS-innsamlaren her til lands.
Under Byggebørsen i Ålesund torsdag, kunne produktsjef Mounir El`Mourabit fortelje at dei no har starta med innsamling på Austlandet, og jobbar for å utvide mengda.
– Det verkar ikkje at det er så mange som vil ha det, så eg trur vi vil få det til, fortel han til NETT NO.
Konsernet lagar i første rekke byggisolasjon, fiskekasser og annan emballasje. Dei siste åra har plastprodusenten jobba mykje med kutte klimaavtrykket gjennom alt frå automatisering, haldbarheit og resirkulering av produkta.
(saka held fram under)
E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet
Nesten dobla råvarepris
El`Mourabit kunne fortelje at råvareprisen nesten har dobla seg på få månader, noko som påverkar drifta på fleire vis. Mellom anna blir reknestykket litt betre for komprimering ved anlegget på Liadal.
– Det er greitt at vi kan tene litt meir på den EPS-en som er samla inn, men det er framleis ikkje noko god butikk, påpeiker produktsjefen.
Auka råvarepris, gir også auka kostnader i drifta elles og Vartdal har auka råvarelageret for å sikre seg. El`Mourabit reknar likevel med at situasjonen vil vere forbigåande, og at marknaden «roar seg» etter kvart.
– No er import frå andre kontinent kraftig redusert, mellom anna fordi fraktprisane har gått i veret. Det er mange som opplever lange leveringstider på varer og råvarer dei kjøper inn, legg han til.
Stor interesse for byggprodukt
Vartdal har nyleg
lansert ein nye produktserie mot byggebransjen. Eitt av produkta er dei
formstøypte «byggeklossane» som blir kalla Vartdal Veggsystem Loop.
Produktsjefen kunne fortelje om stor interesse når dei har vore rundt og
presentert seg.
Råstoffet som blir brukt i byggeklossane er laga av biogass. Slik kan ein nytte isolasjon i både grunnen, veggar og tak som har langt lågare klimaavtrykk, enn det fossile alternativet.
– Det gir ein betydeleg skilnad, påpeiker El`Mourabit.
På det nye bygningsproduktet er det anslått at klimainnsparinga utgjer rundt 40 prosent i forhold til tradisjonelle alternativ.
Gir motivasjon blant tilsette
NETT NO har tidlegare omtala korleis Vartdal Plast, har jobba med å
gjere drifta meir berekraftig. Produktsjefen fortel at arbeidet har gitt
ein «drive» blant dei tilsette som motiverer.
Målet er å bidra til trygg mat og varme hus med fossilfrie råvarer. Og El`Mourabit påpeiker at det er viktig at bransjen gjer sitt for å redusere klimabelastninga.
– I løpet av nokre få år, trur vi alle produsentane vil sjå på dette, legg han til.
Publisert: 29.10.2021 05:55
Sist oppdatert: 29.10.2021 08:11