Totalberedskapskurset som Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fekk starta saman med politiet og Heimevernleiinga i 2024 har no blitt kopiert av både av Trøndelag, Vestfold, Telemark og Rogaland. I år kjem også Agder og Vestland med med slike kurs.
Det er snakk om ei vekes samling for bedriftsleiarar og leiarar i offentleg sektor. Målet er å auke kriseforståinga, lære korleis ulike kriser skal handterast, og bygge nettverk og kunnskap om korleis offentleg og privat sektor kan arbeidet betre saman for å handtere fare og krisesituasjonar.
Sidan Botten byrja med Totalberedskapskurset anslår ho at ho har halde rundt 100 innlegg på ulike arrangement landet rundt, og no får ho nesten dagleg forespørslar om å kome og halde innlegg om beredskap.
Komande veke er ho ein av innleiarane når Sunnmøre Forsvarsforening, med støtte fra NTNU, Heimeverndistrikt 11, NMK, ÅKP og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviter til den to dagar lange beredskap- og forsvarskonferansen Mørejarl i Ålesund.
Tidleg ute
– Eg trur kanskje eg var litt tidleg ute og såg dei utfordringane som var på tur mot oss. Det blikket mitt der trur eg traff, seier Botten.
Toppleiarkurset har vore kjempeviktig for å skape merksemd om behovet for å tenke beredskap, meiner ho.
– Der har vi sett offentlig sektor og næringslivet i lag. Og bygd lag. Det er det eg er opptatt av. At vi skal være beredt, sånn at vi skal få til det her i lag. At det er ingen som står utenfor. Kvar einskild innbyggar skal ha eigenberedskap. Kommunen skal ha kontroll. Men vi skal også skjøne kva andre sine roller er, ikkje berre eigne, seier Botten.
– Er du redd, sånn som verda har blitt?
– Det er ei uroleg tid. Viss vi ikkje skjønar at vi lever i den tida og korleis det påverka og korleis det kan treffe oss, då er eg redd, seier Botten.
Ho vil heller at vi skal tenkje at vi skal stå saman, ta inn over oss alvoret og gjere det beste ut av situasjonen.
– Vi må skjøne det no, fordi trusselvurderingane seier at vi har ingen frist for korkje sabotasje eller ting som kan skje oss. Sånn som verda er no er plutseleg 11 land i krig på ei helg. Og vi er naboar til Russland. Vi er nøydd til å ta det innover oss, og så er vi nøydde til å bygge musklar saman med Nato, som er vår kjerneallierte, seier Botten.
Over landsgjennomsnittet
I ei NHO-undersøkjing tidlegare i år svarte 60 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal at dei i svært stor, eller stor grad har lagt planar og gjort tiltak for å stå meir rusta mot dataangrep, spionasje og andre uønskte hendingar.
På landsbasis svarte 52 prosent det same.
Botten er nøgd med svara frå bedriftene når det korleis dei har budd seg på kriser.
– Møre og Romsdalen er betre enn landsgjennomsnittet og det er eg veldig glad for, seier ho.
Dei krisene ho arbeider for at vi skal vere budde på framfor er noko anna enn naturkatastrofar.
– Det handlar om å forstå at vi kjem i en litt annan situasjon når det er menneskeskapte i kriser og krigar enn når det er natrurhendingar, som eg meiner at vi i Møre og Romsdal er kjempegode til å handtere, både innbyggarane, men også kommunane og beredskapsaktørane, seier Botten.
Publisert: 08.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 07.03.2026 19:17






