NTB HE Xa Rg V Ypo4
MINDRE LEITING: Investeringane til utvinning og drift av olje- og gassfelt på norsk sokkel er stigande, men ikkje investeringane i leiting etter nye ressursar. Biletet viser anlegg på Valhall-feltet i Nordsjøen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Ekstra milliardinvesteringar i olje

Olje- og gassbransjen ventar investeringar på 149,7 milliardar kroner i 2023, 14,4 milliardar meir enn i førre rapportering, varslar SSB.

17.11.2022

NPK-NTB: Dei oppdaterte tala er likevel framleis ein nedgang frå i år, då næringa anslår investeringar for 175,3 milliardar kroner. Investeringsanslaget for i år er 3,8 prosent lågare enn tilsvarande anslag for 2021.

Samtidig ser falla i investeringar ut til å bli mindre i 2023 enn det som var venta. Derfor reknar Statistisk sentralbyrå med at anslaget for investeringar i 2023 vil auke mykje i neste teljing i februar.

– Det er venta at det blir levert plan for utbygging og drift (PUD) til styresmaktene på svært mange nye utbyggingsprosjekt i desember i år. Tala for desse prosjekta kjem først med i teljinga når PUD er levert, opplyser SSB.

Les kva Morten Ulstein seier om utviklinga i oljebransjen i NETT NO-magasinet

Trur på høgt tal for 2024 òg
Eitt av dei største prosjekta, Wisting, vart nyleg vedteken utsett til 2026. Likevel reknar SSB altså med at investeringsanslaga vil stige ytterlegare i åra framover.

– Med alle desse utbyggingane inkludert så tidleg i anslagssyklusen er det grunn til å vente eit relativt høgt førstegongsanslag for 2024, skriv SSB.

Anslaget for investeringar til feltutbygging neste år er no oppgitt til 50,2 milliardar kroner, 12 prosent meir enn i førre rapport.

– Det høgare anslaget har hovudsakleg samanheng med at det no er rapportert inn vesentleg høgare kostnader på fleire utbyggingsprosjekt enn det ein tidlegare har gått ut frå. Dette er meirinvesteringar som truleg ikkje bidreg til å utvide framtidig produksjonskapasitet vesentleg utover det som tidlegare var planlagt, opplyser SSB.

For felt i drift er investeringsanslaga for neste år no på 69,2 milliardar kroner, ein auke på 12 prosent frå førre kvartal.

Mindre til nye funn
For leiting og konseptstudiar er det derimot større nedgang. Der ventar næringa eit fall på 19 prosent frå tilsvarande anslag for 2022. For konseptstudiar åleine er fallet på heile 96 prosent. Det omhandlar aktivitet knytt til planlegging av utbygging av olje- og gassfunn.

– Det kraftige fallet som blir indikert for neste år, har samanheng med at aktiviteten i konseptstudiar er rekordhøg i år, sidan det er så mange nye utbyggingsprosjekt som det skal planleggjast for. Etter at desse utbyggingane snart kjem i gang, vil det vere svært få nye utbyggingar å planleggje for på kort sikt, derfor vil det vere svært lite aktivitet innan konseptstudiar til neste år, skriv SSB.

Publisert: 17.11.2022 09:38

Sist oppdatert: 17.11.2022 09:38