Skjønsnemnd Ørsta Volda Sølvi Dimmen Ørnulf Røhnebæk Stein Aam foto Ogne
IKKJE FORLIKTE: Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) og Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) i samtale med dommar Ørnulf Røhnebæk, som leiar skjønsnemnda som skal avgjere korleis oppgjeret blir etter at bygdene innerst i Hjørundfjorden blei overført frå Ørsta til Volda. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ekstrarunde i Ørsta/Volda-striden

Ørsta vil har dekt kostnaden med å svare på Volda-skriv.

04.02.2022

Kommunane Ørsta og Volda strides om oppgjeret etter at bygdene innerst i Hjørundfjorden blei flytta frå Ørsta til Volda frå 1. januar 2020, som ein del av kommunereforma til regjeringa Solberg.

Dei strides også om Volda skal betale Ørsta sine sakskostnadar. Det er utgifter til advokat og til rapport frå konsulentselskapet EY, som Ørsta vil ha dekt.

Etter at partane møttes i Skjønsnemda har Volda sendt eit nytt skriv i saka. Det har Ørsta svart på, og varsla at kostnaden med å lage svaret også blir ein del av sakskostnadane Ørsta vil ha dekt.

110 millionar
Området som blei flytta frå Ørsta til Volda omfattar mellom anna det største kraftanlegget til Tussa, og det er først og fremst inntektene kraftaanlegga gir kommunen dei ligg i striden står om.

14. januar i år møttes kommunane hos Skjønsnemda som skal avgjere saka. Skjønsnemda reknar med å vere klar med sitt vedtak i midten av februar.

Kravet frå Ørsta er ei erstatning som er knytt til prisutviklinga på kraft framover, med full kompensasjon for tapte inntekter i 15 år og deretter ei nedtrappingstid på fem år. Dersom Skjønsnemnda konkluderer med ei eingongserstatning er kravet frå Ørsta 110 millionar kroner.

Eit krav det ikkje er grunnlag for, meiner Volda, som ikkje vil betale noko.

Åtvarar mot kjensler
Etter møtet i Skjønsnemda sende Volda eit brev til skjønsnemda med "Skriftleggjering av muntleg presentasjon fra Volda kommune i møte med Skjønsnemda".

I skrivet gjentek Volda sitt prinsipielle standpunkt, at "kraftinntekter ikkje vert å handsame som særskilte inntekter, og at tapet av disse skal inngå i vurderinga av totaløkonomien til Ørsta."

Volda kommune åtvarar i skrivet og mot å la kjenslene rå:

"Ørsta kommune har vist sterke kjensler i saka, og har overfor Statsforvaltar i møte 1. desember 2021 og i andre samanhengar sagt at konklusjonen i saka vil ha konsekvensar for samarbeidet med Volda kommune. Volda kommunen ser profesjonelt på saka og meiner den må løysast sakleg ut frå reglane i Inndelingslova. Ei slik avgjerd vil best grunnlag for vidare samarbeid mellom nabokommunane utan att innbyggjarane kan stille i tvil si eiga kommune si haldning til å ivareta sine interesser tilstrekkeleg nok."

Reagerer på framgangsmåte
Ørsta kommune reagerer på at Volda kommune sender eit innlegg til Skjønsnemnda etter møtet i Skjønsnemnda 14. januar:

"Vi kan ikke se, slik Volda kommune synes å hevde, at det var avtalt at det skulle sendes ytterligere skriv til nemnden. Tvert i mot la vi på denne side til grunn at partene hadde fått ytret sitt ved avslutningen av møtet. Det bemerkes i denne sammenheng at nemda satte frist til 4. januar med å komme med ytterligere dokumentasjon og skriftlige innlegg. Det er også mildt sagt påfallende at Volda søker å unndra seg kontradiksjon (anledning til å ta til motmæle, red. merk) i saken ved å ikke sende sitt siste innlegg til Ørsta kommune, men kun til nemndens leder.", skriv Ørsta sin advokat til Skjønsnemnda.

Pendlar mellom kommunane
1096 personar pendla frå Ørsta til Volda på jobb i 2020, ifølgje fylkesstatistikken frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 776 pendla andre vegen.

Dei to kommunane hadde høvesvis 10250 og 9540 innbyggjarar i 2020. Det er 9,9 kilometer mellom rådhusa, ein distanse som tek 13 minutt å køyre ifølgje Google maps.

I 2016 stemte 69 prosent av voldingane mot å slå kommunen saman med Ørsta. I Ørsta stemte 62 prosent mot samanslåing.

Publisert: 04.02.2022 13:16

Sist oppdatert: 04.02.2022 13:17