Eldar Sætre inn i Vard-råd
Skal gi råd når konsernet bur seg på ny vekst.
Vard opprettar eit rådgivande styre med tidlegare Equinor-sjef Eldar Sætre som styreleiar. Poenget er mellom anna å lære av oljebransjen.
" Den tradisjonelle olje- og gassindustrien har vært gjennom en krevende periode og har gjennomført konsolideringer og omstilling over lengre tid, også i Norge. Etter flere utfordrende år er markedet i ferd med å snu, og Vard forbereder seg for ny vekst. For å støtte denne strategiske reisen, har Vard etablert et rådgivende styre som består av uavhengige eksperter fra industrien sammen med toppledelsen i Vard og Fincantieri.", skriv Vard i ei pressemelding.
I tillegg til Sætre skal Linda Litlekalsøy Aase og Ditlev Engel vere med i det rådgivande styret. Litlekalsøy Aase er sjef for oppdrettselskapet Salmar og har hatt leiarjobb i Aker Solutions. Engel er sjef for Enegy Systems i DNV.
Berre råd
Vard understrekar i pressemeldinga at det rådgivande styret skal gjere nettopp det, gi råd.
Alle avgjerder er det framleis konsernleiinga og det ordinære styret som tek.
"Vi håper vårt bidrag vil inspirere og bringe nye ideer til de strategiske planene fra Vards lederteam.", seier Sætre i pressemeldinga.
I tillegg til Sætre, Litlekalsøy Aase og Engel skal konsernsjef og styreleiar Alberto Maestrini i Vard og konsernsjef Pierroberto Folgiero i Fincantieri sitte i det rådgivande styret. Fincantieri eig Vard.
Snart i pluss
Målet er å nå lønsam drift innan kort tid, sa Vard-sjef Alberto Maestrini i eit intervju med NETT NO i starten av august i år.
Først no er Vard - med omlag 1300 tilsette på Nordvestlandet - i ferd med å legge tapsprosjekta bak seg. Etter oljeprisfallet i 2014 slutta offshorreiarlaga å bestille nye skip. Det var starten på ei årrekkje med store underskot, som Maestrini no ser slutten på.
- Trenden er positiv og målet vårt er å nå det innan kort tid, seier Maestrini om når Vard vil gå med overskot igjen.
Publisert: 07.09.2022 08:22
Sist oppdatert: 07.09.2022 09:20