Sætre valde Vartdal framfor gigantkonsern
Han hadde tilbod om styreplass i store internasjonale selskap, men takka nei. Derimot sa Eldar Sætre raskt ja til Vartdal Plast.
Den tidlegare Equinor-toppsjefen seier at dette ikkje berre kom av lokalpatriotisme.
– Nei, slett ikkje. Vartdal Plast er eit utruleg spennande selskap, som er leiande i Norge innanfor sin bransje. Som vartdaling er eg stolt av selskapet, og eg har lyst til å vere med å utvikle det vidare.
Det vekte oppsikt då det i juli i år vart kjend at Eldar Sætre overtok som styreleiar i holdingselskapet bak Vartdal Plast. Det er stor skilnad på å styre eit selskap med ei årleg omsetning på 700 millionar kroner og Equinor som på ein halv dag omset like mykje som Vartdal-bedrifta på eit heilt år.
Imponert og stolt
Eldar Sætre synst sjølv at det slett ikkje var unaturleg.
– Eg har vakse opp på Vartdal og fulgt med Vartdal Plast nesten frå då bedrifta vart starta i ein kjellar for 60 år sidan.
– Det er ei bedrift som har imponert meg, ei bedrift som konstant har utvikla seg, som reiste seg etter ein storbrann i 1986, og som har kome styrka ut av to generasjonsskifte. Dette er ei bedrift eg verkeleg er stolt over.
Vartdal er «heime»
Eldar Sætre gjekk av som konsernsjef i Equinor 2. november i fjor, etter å ha leia selskapet i seks år frå 15. oktober 2014. 1. mars i år hadde han sin siste arbeidsdag i Equinor, men alt i 1980 starta han i dåverande Statoil, og har budd vekke frå Vartdal i over 40 år.
No bur Eldar Sætre og familien i Sandnes, men han reknar likevel Vartdal som heime.
– Ja, eg seier at eg er heime når eg er på Vartdal. Saman med søskena mine har vi også overteke huset som vi vaks opp i, og eg reknar med at eg no får litt meir tid til å vere heime.
Då tek han seg gjerne ein tur på fjorden, helst med pilk.
– Ja, eg likar meg helst ved botnen, under all palen.
(saka held fram under)
Vil drive endringsprosessar
Inn i Vartdal Plast-styret tek Sætre også med seg Henriette Undrum frå Equinor. Ho er ansvarleg for å koordinere arbeidet med nye energiformer i Norge.
Sjølv stod Sætre bak namneskiftet frå Statoil til Equinor, og den gradvise omlegginga av oljeselskapet til også å verte eit fornybarselskap. Sætre lanserte blant anna strategien i 2017 om at 15-20 prosent av selskapets investeringar i 2030 skulle vere retta mot fornybar energi, og han har stått bak store prosjekt innanfor både havvind og karbonfangst.
Sætre seier at nettopp det å drive fram store endringsprosessar er noko han kan ta med seg inn i styrearbeidet.
– I tillegg er eg opptatt av å byggje gode leiareigenskapar og effektive bedriftsstrukturar.
(saka held fram under)
Vartdal-produkta skal ikkje hamne i naturen eller gå til noko form for forbrenning
Berekraftige løysingar
Han rosar bedrifta og dagens bedriftsleiing.
– Det er ei veldig sunn bedrift som finansielt og driftsmessig er i god stand. Lokasjonane og effektiviteten er også god, og bedrifta er leiande i Norge på resirkulering av ekspanderbart polystyen (EPS, populært kalla isopor, men som Vartdal Plast kallar styropor), der Vartdal Plast gratis hentar inn EPS-en og nyttar han til nytt råstoff.
– Dette er verkeleg berekraftsatsing, og vi er nøydde til å satse på slike sirkullærløysingar for å lukkast i konkurransen framover.
– Vartdal-produkta skal ikkje hamne i naturen eller gå til noko form for forbrenning.
Ikkje vekse for einkvar pris
Frå å vere den første i Norge til å lage fiskekasser i EPS-materiale, har Vartdal-bedrifta også vorte store på isolasjonmateriale til byggindustrien.
Eldar Sætre trur på vidare vekst.
– Vi skal ikkje vekse for einkvar pris, men vi skal utvikle oss på ein sunn og berekraftig måte. Vi skal hjelpe kundane til å finne dei beste produkta.
(saka held fram under)
Vil gjere det skikkeleg
65-åringen seier at han kjem til å vere ein aktiv styreleiar.
– Eg kjem ikkje til å seie ja til så mange styreverv, men eg vil gjere det skikkeleg der eg er. Slik er eg skrudd saman.
Han har hittil sagt ja til eitt anna styreleiarverv. Det er i det Bergen-baserte selskapet Strømberg Gruppen, som blant anna er store innanfor eigedom og driv forhandlarverksemd og verksteddrift for Volvo lastebilar og bussar.
– Her sat eg i styret tidlegare, og sa no ja til å verte styreleiar, seier Sætre.
Eg ønsker framleis å ha nok å gjere, men ikkje for mykje
Nok, men ikkje for mykje
Han er også styremedlem i børsnoterte Subsea7 og i Fjordbase i Florø.
Men så langt har dei fleste fått nei.
– Eg har fått mange tilbod, ikkje minst frå utlandet, men eg har tenkt at eg skal vere varsam med å seie ja til for mange, i alle fall no i starten.
– Eg ønsker framleis å ha nok å gjere, men ikkje for mykje.
Les også
Nei til verkeleg store selskap
Sætre seier at han har behov for å halde hjerna i sving, gjerne med utfordringar.
– Ja, det likar eg. I tillegg til styreverv, held eg ein del foredrag, og eg er også litt mentor for andre i leiarstillingar.
Men så langt har han halde seg unna andre oljeselskap.
– Eg føler at eg framleis er for tett knytta til Equinor. Det har trass alt vore arbeidsplassen min i 40 år.
Men tilboda har vore der, utan at Sætre vil røpe kva slags selskap som har vore interessert i hans unike kompetanse.
– Nei, det får du ikkje vite, men det er også snakk om store internasjonale selskap. Verkeleg store selskap.
E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet
Publisert: 17.09.2021 10:16
Sist oppdatert: 17.09.2021 10:22