Optimistiske tonar frå Vard-sjefen
Målet er å nå lønsam drift innan kort tid, seier Vard-sjef Alberto Maestrini.
- Kunnskapen og evnene var viktigare enn tapa Vard fekk, seier Vard-sjef Alberto Maestrini til NETT NO, om kvifor Fincantieri ikkje kasta korta i Vard då marknaden for offshoreskip til oljebransjen klappa saman etter oljeprisfallet i 2014.
Det var ei avgjerd basert på ei langsiktig vurdering. Først no er Vard - med omlag 1300 tilsette på Nordvestlandet - i ferd med å legge tapsprosjekta bak seg.
- Trenden er positiv og målet vårt er å nå det innan kort tid, seier Maestrini om når Vard vil gå med overskot igjen.
Framleis er det vanskelege prosjekt som dreg resultatet ned hos Vard, men dei blir stadig færre etterkvart som skip blir bygd ferdig og levert.
Vindkraftoptimisme
Vard er svært optimistisk til marknaden for bygging av servicefartøy for vindkraftanlegg til havs, og trur selskapet vil klare å oppretthalde sin posisjon som stor aktør i den marknaden.
Slår forventningane til, betyr det at Vard kan få 29-36 kontraktar på bygging av slike skip fram til 2030.
Fakta: Vard
Skipsbyggingskonsernet Vard har omlag 8000 tilsette og er eigd av det børsnoterte italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri, med den italienske staten som stor aksjonær. 1300 tilsette arbeider i Noreg, i hovudsak på Nordvestlandet.
Vard omfattar tre verft på Nordvestlandet (i Søvika, Brattvåg og Tomrefjord), i tillegg til Vard Electro, Seaonics, Vard Accomodation og Vard Piping, designselskap og hovudkontor. Vard har to verft i Romania (først og fremst skrogverft), eitt i Brasil og eitt i Vietnam.
Det er ikkje offentleg tilgjengeleg reknskap som gir eitt, samla bilete av Vard sine inntekter og resultat.
Bygging av cruisefartøy på Vardverft blir rapportert som ein del av forretningsområde Skipsbygging i heile Fincantierikonsernet. Bygging av vindkraftfartøy, andre offshoreskip og fiskarfartøy høyrer til forretningsområdet Offshore og spesialfartøy, som er reindyrka Vard-verksemd.
Fincantieri rapporterer reknskapstal kvart kvartal.
Vard Group offentleggjer sitt årsreknskap i Brønnøysundregisteret. Den rapporten fortel korleis det går med dei norske verfta (ikkje dei øvrige norske søsterselskapa) og omfattar samstundes alle kostnadane som blir bokført på hovudkontoret for alle Vard-verksemdene og sentraliserte konserntjenester for alle Vard-verksemdene.
Arbeidsfartøy
Vindkraftskip og andre arbeidsoperasjonsfartøy er og blir kjerneverksemda til Vard framover. Det er erfaringa og evna til å bygge slike skip som er avgjerande for Fincantieri si satsing på Vard, sjølv om Vard framleis også skal byggje cruiseskip, seier Maestrini.
Kunnskapen om cruiseskipsbygging er overført frå Fincantieri, og Vard har no heilt annan kompetanse for å bygge cruiseskip enn i starten, men det er kunnskapen om å bygge båtar som skal brukast til arbeidsoperasjonar til havs, som er Vards eigen.
Maestrini framhevar også betydninga av det maritime miljøet på Nordvestlandet, med både reiarar, utstyrsprodusentar, verft, designarar og investorar. Miljøet er ein fordel for å utvikle ny og betre teknologi, som er avgjerande for å kunne oppretthalde skipsbyggingsverksemda.
Vard ser mellom anna det som ein stor fordel for erfaringsutveksling og utvikling at designmiljø og skipsbyggingsverksemda er tett knytt saman.
På grunn av kostnadsnivået er skipsbygging i Noreg og ellers i Europa heilt avhengig av å ligge i front i teknologisk utvikling for å kunne konkurrere, slik Maestrini ser det.
- Du må alltid ligge eitt steg føre konkurrentane når det gjeld teknologi, seier han.
Tok full kontroll
I 2016 tilbaud Fincantieri, som då eigde litt over halvparten av aksjane i Vard, å kjøpe ut resten av eigarane. Bodet verdsette Vard til 1,7 milliardar kroner. Først hausten 2018 hadde Fincantieri fått full kontroll og kunne innlemme drifta av Vard mykje tettare i Fincantieri-konsernet.
Etter at Fincantieri fekk full kontroll i Vard, har den italienske eigaren stilt opp med milliardlån og garantiar. Det har vore ein viktig skilnad for Vard samanlikna med mange andre skipsbyggingsselskap, seier Maestrini.
Krass kritikk
Tidlegare i år offentleggjorde Arbeidstilsynet ein rapport om korleis tilsette hos underleverandørar til Vard og andre verft mellom anna vart underbetalt og hadde alt for lange arbeidsdagar.
Etter tilsyn hos to Vard-verft i oktober i fjor oppretta Arbeidstilsynet omlag 30 tilsynssaker.
Les også
Arbeidstilsynet har aldri gitt høyere gebyr enn til det spanske firmaet.
Avsløringane om dårlege arbeidsforhold, har gjort verfta til sin eigen verste fiende.
- Vi hadde instruksane på plass, men oppfølgingen av kontroll og rutiner var ikkje på det tidspunktet gode nok, seier Maestrini.
Lærdommen er at du ikkje kan basere deg på tillit, du må kontrollere.
Omfanget av folk og underleverandørar vart for stort til at Vard handterte kontrollen godt nok. Det er ikkje ei orsaking understrekar Maestrini, men ei forklaring på kva som hende, i ei tid der ein hadde stort merksemd på covid og arbeidarane sin tryggleik og helse.
Kontroll og rutiner vart umiddelbart skjerpa, og slikt som vart avdekt i rapporten skal ikkje skje igjen, seier han.
Publisert: 07.08.2022 05:00
Sist oppdatert: 06.08.2022 21:56