Emisjon i Inseanergy
Skal hente inntil 30 millionar kroner.
Inseanergy har starta nedtelling til ei kapitalutviding på inntil 30 millionar kroner. Pengane skal hentast inn i ein kampanje gjennom Folkeinvest, ifølgje Folkeinvest si nettside.
Folkeinvest har spesialisert seg på kapitalinnhentingar til oppstartselskap.
I dag er det 14 dagar til kampanjen startar, men allereie er det 80 investorar som har teikna seg for å vere med i kapitalutvidinga, skriv Inseanergy på si nettside.
Solceller på oppdrettsanlegg
Ideen til Inseanergy er å bygge og vedlikehalde solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsmerder, Målet er å utnytte oppdrettsmerder som ellers skal skrapast, og forsyne oppdrettsanlegg med straum.
I neste omgang er målet å kunne gjere oppdrettsanlegga uavhengige av straumnettet ved å kombinere kraftproduksjon frå solceller med kraftproduksjon basert på hydrogen som er produsert ved elektrolyse.
Eit pilotanlegg med solceller er testa ut ved Stranda sentrum.
Verdt 15 millionar kroner
Inseanergy er verdsett til 15 millionar kroner før kapitalutvidinga.
Får selskapet full klaff i kapitalutvidinga vil dei aksjane som blir utsted til investorane som deltek utgjere 60 prosent av alle aksjane i selskapet.
Dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp er også medeigar i selskapet, som blei etablert i 2020. Han var tidlegare dagleg leiar i presenningsspesialisten Plany i Sande kommune, og Plany-aksjonærane er også store aksjonærar i Inseanergy, før kapitalutvidinga.
Publisert: 22.12.2021 06:00
Sist oppdatert: 22.12.2021 06:02