Vil bygge solkraftverk på oppdrettsanlegg
Utrangerte oppdrettsanlegg kan bli base for solkraftverk.
Fem av oppdrettsanlegga til Hofseth Aqua i Storfjorden nærmar seg
tida for utskifting. I staden for å hogge dei opp foreslår eit
prosjektgruppe å bruke dei som base for flytande solkraftverk.
I dag presenterer gruppa bak ideen resultatet av eit forprosjekt som
har kartlagt korleis og om det er grunnlag for å sette ideen ut i livet.
Bak prosjektet står Inseanergy, Hofseth Aqua, Maritime Partner, Doxacom og Norconsult, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
I samband med forprosjektet er det mellom anna gjort analyser av soltilhøve ved Skjortneset/Fausa og ved Midsund, der
selskapet Hofseth Biocare har eit foredlingsanlegg for avskjer og
restråstoff frå lakseforedlingsindustrien.
Gjennom «Forprosjekt nullutslepp 2025 i Storfjorden», har partnerskapet Hofseth Aqua, Inseanergy, Maritime Partner, Kjeller Vindteknikk (del av Norconsult) og Doxacom utgreidd muligheita og realiseringspotensialet av å installere flytande kraftproduksjons-øyer eller «Power Islands» i Storfjorden, for å forsyne heilt ureist eller kortreist solenergi til Hofseth Aqua sine oppdrettsaktivitetar i Storfjorden og omegn.
Kortreist kraft
Ei eventuell utbygging av solkraftanlegg på utrangerte oppdrettsanlegg kan vere ei energikjelde som kan redusere behover for utbygging av kraftnettet, og Hofseth Aqua sine oppdrettsanlegg kan vere ein mogleg kunde.
Då Hofseth-konsernet kjøpte Fjordlaks var mellom anna fem store stålmerder på 250 meters lengde og 50 meters breidde med på kjøpet. Det er desse (mellom anna som på hovudbiletet) som snart er mogne for utskifting og som kan bli bygd om til kraftverk med solcellepanel på.
Selskapet Inseanergy som også er partnar i prosjektet har utvikla ein duk spent ut på utrangerte plastmerder med flytande solcellepanel og prosjektet vurderer også ein kombinasjon der også Inseaenergy sin teknologi blir brukt, ved at det også blir lagt plastmerder ved stålkonstruksjonane.
Eit eventuelt neste steg for prosjektet er å vurdere å bruke overskotskraft frå solkraftanlegg til produksjon av hydrogen, til bruk i brenseceller.
Publisert: 05.11.2021 10:00
Sist oppdatert: 05.11.2021 11:58