Emisjonsplanar i Tango Seaweed
Skal finansiere marknads- og produktutvikling.
Tango Seaweed hausta nesten tre gangar meir tare i 2020 enn i 2019.
Den taren skal ut i marknaden og pengane frå kapitalutvidinga skal først og fremst finansierer arbeidet med marknads- og produktutvikling av Tango Seaweed sine tareprodukt.
Dagleg leiar og medgrunnleggar Annelise Chapman seier målet er å hente inn mellom fire og seks millionar kroner. Eventuelt kan det også bli ein kombinasjon av emisjon og lån, i samråd med eksisterande og nye aksjonærar, seier Chapman.
Nytt anlegg
Selskapet blei grunnlagt av dagleg leiar Annelise Chapman og Bjørn Otterlei i 2016.
I januar i år flytta dei inn i nye lokale i Haugsbygda i Sande kommune, der tørking av råstoff og produksjonen vil foregå.
Før kapitalutvidinga er selskapet verdsett til 12,5 millionar kroner.
Fleire investorar
I fjor kom mellom andre Roger Hofseth inn på eigarsida i selskapet og eig ein aksjepost på 10,2 prosent.
Hofseth er stor aksjonær i laks- og aureforedlingsselskapet Hofseth International, Hofseth Aqua og Hoseth Biocare, som vidareforedlar avskjær og restråstoff frå oppdrettsfisk.
21 eigarar
Tango Seaweed har 21 eigarar før den komande kapitalutvidinga.
Chapman og Lovise Kvalsund Otterlei er dei to største aksjonærane med 19 prosent eigarandel kvar, Viktor Hauge og Roger Hofseth eig 10 prosent kvar, Ablr Equity Partners 9,5 prosent og Selina Stihl eig åtte prosent.
Publisert: 05.03.2021 06:00
Sist oppdatert: 05.03.2021 07:11