
Endeleg pluss etter tøffe år med underskot
Hurtigbåtverftet sleit med forseinkingar i fjor. Ventar vesentleg betre resultat i år.
Brødrene Aa-konsernet fekk endeleg overskot i fjor, etter fleire år med betydelege underskot.
Verftet med hovudkontor i Hyen har spesialisert seg på å bygge hurtigbåtar. I løpet av 2023 auka inntektene kraftig samanlikna md året før, viser årsmeldinga som no er offentleg.
Omsetninga gjorde eit hopp frå 312 til nær 460 millionar, som er dei høgaste inntektene verftet har hatt sidan 2018.
Resultatet før skatt vart samtidig snudd frå eit underskot på nær ti millionar, til drygt fem millionar i pluss (sjå tabell under).
Brødrene Aa as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 465,7 | 303,9 |
Driftsresultat | 8,2 | -8,1 |
Resultat før skatt | 5,2 | -9,9 |
Har slitt med forseinkingar
Gjennom fjoråret hadde verftet full produksjon og stor etterspurnad. Mellom anna opplever dei auka interesse for løysingar for nullutslepp både frå kundar og styresmakter.
Samtidig har verftet slitt med forseinkingar som har ført til at dei har vore nøyd til å skyve på produksjonen. Det har igjen ført til ei lønnsemd i fleire prosjekt som ikkje har vore tilfredsstillande, skriv styret i årsmeldinga.
Verftet jobbar difor med å hindre at forseinkingar hos underleverandørar skal forplante seg vidare i produksjonen.
Ventar vesentleg betring av resultatet
For augneblinken har Brødrene Aa-verftet ei solid ordrebok med fem nybygg og to ombyggingar i bestilling.
Resultatet hittil i år og prognosar vidare, viser at verftet ligg an til å betre resultatet vesentleg i 2024 samanlikna med fjoråret.
Meir stabil aktivitet og auka etterspurnad vil vere med å gi buffer for ei framleis positiv utvikling, heiter det vidare i årsmeldinga.

Verftet har allereie levert tre båtar i år og skal levere tre til i løpet av året. I fjor vart det levert to båtar frå Hyen-verftet.
I tillegg til båtar bygd ved eige verft, får konsernet inntekter frå nybygg ved samarbeidsverftet i Kina, der det vart levert to båtar i fjor.
Kontraktstap og likviditetspress
Åra med underskot har sett likviditeten under press og verftsselskapet er i brot med krava banken har sett til eigenkapital.
Trass i fjorårets overskot sank eigenkapitaldelen til 19 prosent, medan banken har sett krav til 25 prosent. Verftet har fått fritak for kravet ut 2024, og det er venta eit løft i likviditetsreserven i løpet av året.
I 2024 er det også teke høgde for auka kostnader fordi to båtar som er levert, ikkje oppfyller krava til fart i kontrakten. Verftet anslår at kostnadene vil ende på kring tre millionar kroner.
Les også
Retting: I den første versjonen av denne artikkelen blei det opplyst feil tal for båtar levert i fjor frå eige verft og samarbeidsverftet i Kina. Det vart også opplyst feil tal for nybygg i ordreboka. Feilen blei retta 18. august.
Publisert: 15.08.2024 13:28
Sist oppdatert: 18.08.2024 10:57