Brødrene Aa verft montasje Tor Øyvind Aa Foto Brødrene Aa Andreas Eikeseth Nygjerd
AUKA BEMANNING: Brødrene Aa-sjef Tor Øyvind Aa reknar med å tilsette 15-20 nye på verftet som følgje av meir aktivitet framover. Foto: Brødrene Aa/Andreas Eikeseth Nygjerd
Nytt

Spent på om pengane for nullutslepp kjem på bordet

Nye utsleppskrav kan gi boom for hurtigbåtverft. Brødrene Aa-sjefen lurer på om styresmaktene er klar over kostnadene.

Marius Rosbach
16.05.2023

Framtida ser langt lysare ut for båtbyggjarane ved Brødrene Aa i Nordfjord. Måndag kunne dei fortelje om si største kontrakt nokon gong med bygging av tre elektriske hurtigbåtar.

Oppdraget er ein av fleire kontraktar på hurtigbåtsamband, som er venta å kome i marknaden framover.

Bakgrunnen er mellom anna nye krav som regjeringa sende på høyring førre veke, som krev nullutslepp på alle hurtigbåtar og ferjer allereie frå 2024.

– Vi er sjølvsagt positive til at det kjem tøffe krav og vi ventar det at kjem fleire store kontraktar, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa til NETT.

Framover kan det bli lyst ut anbod i marknaden frå fleire fylkeskommunar, og det jobbast med nye hurtigbåtruter i både Rogaland, Finnmark, Nordland – og Møre og Romsdal.

Brødrene Aa Norled illustrasjon
REKORDKONTRAKT: Bygginga av tre 45 meter lang båtar for Norled er den største kontrakten Brødrene Aa har sikra seg nokon gong. Verdien er på kring 420 millionar kroner. Illustrasjon: Brødrene Aa

– Vil bety store kostnadar for fylkeskommunane
Trass strengare utsleppskrav og utsikter til meir aktivitet, er verftssjefen likevel skeptisk til om det er midlar til å realisere realisere alle hurtigbåtruter med nullutslepp.

– Eg er tvilande til om det offentlege er klar over kva kostnader som skal til for å oppfylle desse krava, spesielt for dei lange distansane med høg hastigheit, seier Aa.

NETT NO har tidlegare intervjua verftssjefen som er kritisk til å satse på teknologi som krev mykje subsidiar. Han peika då på at ei stegvis utvikling mot nullutslepp kan vere eit betre alternativ.

– Desse investeringane vil bety store kostnadar for fylkeskommunane, og eg er spent på styresmaktene er villige til å legge dei midla på bordet som skal til, seier Aa.

Fylkespolitikar Kristin Sørheim (Sp) var inne på det same då nyheita blei kjent. Ho uttalte til NRK at fylkeskommunen alltid hadde blitt «snytt på vekta» i slike situasjonar, og ville ha meir konkrete lovnader frå staten.

Har laga system for batteribytte
Norge har vore eit føregangsland med å elektrifisere ferjeflåten. Når det gjeld hurtigbåtar – som i dag har høge utslepp – er det meir utfordrande.

Tyngda på batteria er det største hinderet for å kunne nytte eldrift på lengre strekningar. Samtidig er ikkje alternative løysingar til dieseldrift, ikkje modne teknologisk.

I kontrakten med Norled har Brødrene Aa løyst utfordringa med å lage eit system kalla «Shiftr», der batteripakkar blir bytta ved anløp og erstatta med ferdig ladda batteripakkar.

I kontrakten med Norled har ein løyst utfordringa med eit system kalla «Shiftr», der batteripakkar blir bytta ved anløp og erstatta med ferdig ladda batteripakkar. Systemet er utvikla av Norled sjølv i samarbeid med Brødrene Aa gjennom ein sokalla Pilot-E-kontrakt.

Vision of the Fjords flyttar til Oslo
NYSKAPANDE: Med båtar som Vision of the Fjords har Brødrene Aa gjort seg bemerka med nyskapande hurtigbåtar. Foto: Brødrene Aa

Bemannar opp etter tøffe år
Rekordoppdraget for Norled gjer uansett at Nordfjord-verftet har utsikter til betre tider, etter nokre tøffe år.

Hjørnesteinsbedrifta hadde samla tap på kring 75 millionar i 2020 og 2021. Rekneskapen for 2022 er ikkje offentleg enno, men verftet varsla i fjor at dei rekna med underskot.

– Vi fekk ein nedtur under Covid, fordi marknaden for turistbåtar forsvann heilt. Den utgjorde om lag halve aktiviteten vår på det tidspunktet. I tillegg vart det inngått kontrakter som i ettertid viste seg å vere for dårlege, erkjenner Aa.

No er både sightseeingmarknaden kome tilbake – saman med kontraktane frå det offentlege.

I dag har verftet kring 150 tilsette, og dei er i gong med å rekruttere 15-20 fleire tilsette for å sikre kapasiteten. Over sommaren reknar verftssjefen med at det blir lyst ut fleire stillingar.

Publisert: 16.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 16.05.2023 08:05

Mer om