Erobra verdsmarknaden med karbonbåtar
– Det er litt av ein stafettpinne å halde i, så ein må prøve å sikre at det står seg.
Det er ved slutten av besøket på Nordfjord-verftet Lars Endre Gimmestad seier dette.
Økonomisjefen ved Brødrene Aa-verfet i Hyen har nettopp konkludert med at det truleg ikkje er nokon som ville funne på å starte opp ei slik bedrift på denne plassen i dag.
Rett før har han fortalt korleis eit intenst regnskyll i 2019, førte til at elva i overkant av verftsbygningane gjekk over sine breidder, og øydela delar av eigedomen.
– Vi fekk plastra i hop elveløpet og støypt betong som eit slags andrelineforsvar om det skulle kome ein gong til, seier han.
– Noregs nest verste veg
Landskapet og dei smale vegane som buktar seg fram over nes og inn i fjordarmar, er gjerne det første som gjer inntrykk på dei som besøker bygda inst i Hyefjorden.
Leiarduoen som møter NETT NO, legg ikkje skjul på at lokalvegane er flaskehalsar dei gjerne skulle klart seg utan. Verst er vegen i retning Sunnfjord der dei har mykje frakt av materiale til Eikefjord-avdelinga.
– Det er karakterisert som Noregs nest verste veg. Det er rasfarleg, veldig smalt, og i periodar har det vore avgrensingar på kor store køyretøy som kan bruke vegen, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa.
Manglande infrastruktur og kommunikasjon er også ein hemsko når dei skal rekruttere tilsette. Verftssjefen vel å sjå positivt på at vegane i det minste er blitt betre enn før, og at det er gjort nokre mindre tiltak som hjelper.
Frå ordretørke til byggeboom
Hurtigbåtverftet i Gloppen har utmerka seg med stadige nyvinningar, og vunne prisar for både design og teknologisk nyskaping. I utviklinga av «Vision of the Fjords» og dei to seinare systerskipa, tok dei universell utforming til eit nytt nivå ved at det var førande for korleis båtane skulle sjå ut.
Fleire gonger har verftet strekt seglingsdistansane for elektriske hurtigbåtar, og dei første båtane med det nye Aero-designet som blei levert i 2022, fekk pris for «Ship of the Year» i Hellas.
Dei siste åra har det vore store sviningar ved verfta. Under koronapandemien vart det ordretørke og oppseiingar. Utover 2023 tikka det inn betydeleg med oppdrag, og no er det ny oppsving i aktiviteten med rekordtjukk ordrebok.
Aa fortel at dei fekk bra med søkjarar då dei igjen fekk behov for å auke arbeidsstokken.
Må finne balansen
Kring 250 arbeidarar er involverte i produksjonen då NETT NO er på besøk. Om lag 180 av dei er fast tilsett ved verftet.
Noko av kunsten framover blir å ha så god ordrereserve at dei får bestilt alt dei treng i tide. Samtidig må dei halde farta oppe på oppdraga dei har inne.
– Vi må fylle all kapasitet vi har, og forsøke ha ei langsiktig stabil drift, utan desse store svingingane. Det er om å gjere å balansere lengda på ordrereserven og talet på nye fartøy vi må prøve selje inn, seier Lars Endre Gimmestad.
«Kraftig forbetra» konkurranseevne
Stigande prisar er ei utfordring, men Gimmestad fortel at dei stort sett klarer å «låse» kostnaden til innkjøp når ei kontrakt er i boks. Svak krone er eit gode for verftet.
– Vi har fått vår konkurranseevne kraftig forbetra dei siste åra. For utanlandske kundar har kostnaden ved å produsere i Norge, gått betydeleg ned. Sidan vi bygger komplette fartøy, og ikkje kjøper skrog frå lågkostland, styrkar det vår konkurransekraft. Det set vi pris på, seier Aa.
Logistikken med leveransar på komponentar og batteripakkar er ei anna utfordring.
– Forseinkingar skapar ringverknader som er veldig uheldige, og legg press på lønsemda, seier Gimmestad.
Lette og drivstoffeffektive båtar
Forretningsverksemda til verftet er å bygge lette båtar i karbonsandwich. Verftssjef Tor Øyvin Aa viser journalisten rundt på «loftet» der arbeidarane er i full sving med å kutte til strukturpanel.
Avdelinga ligg med enkel tilgang til gangbruer som går langs skutesida i den store hallen, der sjølve båten tek form. I underetasjen ligg avdelingar som lagar klart røyr, ståldelar og kablar.
Materialet som Brødrene Aa nyttar, er karbonfiber som er vakuuminjisert med vinylester. Det er ein form for hard plast, som igjen blir kombinert med anna materiale i ein sandwichkonstruksjon.
Byggemetoden og materialbruken gjer båtane lettare enn dei fleste andre fartøy, som igjen gjer dei meir drivstoffeffektive. Ein avgjerande fordel i dagens marknad
Aa fortel at kring 60-70 prosent av båten kan bli laga på desse avdelingane, før dei blir monterte på sjølve fartøyet.
Meir kablar og mindre olje
Ein del av måten dei rasjonaliserer på, er å lage panela mest mogleg effektivt. I enden av lokalet står ei stor maskin som hjelper til med å gjere jobben.
– Ein viktig del av arbeidet er å heile tida optimalisere timeforbruket i dei ulike operasjonane, fortel Aa.
Mange av formane og modulane kan nyttas om igjen på fleire fartøy. Brubygg og skrogdelar kan ha same form, men kvar båt får samtidig sitt eige design.
Det er færre dieselmotorar og meir kablar om bord i dei fleste båtane Brødrene Aa byggjer for tida. Nede i maskinrommet på eine båten er el-motorane små i storleik. Lengre bakover er kring ti meter av skroget sett av til batteripakkar på fire megawatt kvar.
– Håplaus måte å skattlegge på
Hyen har bedrifta to hallar. Der bygger dei heile båtar i den eine, og delar og komponentar i den andre. I tillegg har dei ein hall i Eikefjord der det blir bygd heile båtar, og utført service og vedlikehald.
Anlegga er bygd opp steg for steg gjennom to generasjonar og gjer verftet i stand til å levere hurtigbåtar i verdsklasse. Ettersom verdien på bygg og utstyr blir rekna med når formuesskatten skal reknast ut, er det også i ferd med å bli ein klamp om foten.
– Det er ein håplaus måte å skattlegge på, seier Tor Øyvin Aa, og peiker på at skatteskjerpingane dei siste åra går spesielt hardt utover hjørnesteinsbedrifter i distrikta.
Har engasjert seg i skatteaksjon
Utbytte som blir tatt ut for at dei norske eigarane skal betale formuesskatten, kan deira kinesiske medeigarar putte «rett i lomma».
Verftssjefen legg ikkje skul på at han synest det er merkeleg at norske eigarar skal skatteleggjast hardare enn utlendingar. Aa er mellom dei som har engasjert seg i aksjonen for norsk eigarskap.
Målet er å få fjerna formuesskatten på arbeidande kapital. Han er ikkje i tvil om at systemet bør endrast.
– Vi har ikkje noko i mot å betale skatt. Men det må vere av inntektsskatten til bedrifta, og ikkje på lokalitetar som ikkje har noko verdi om det ikkje er aktivitet, understrekar Aa.
Publisert: 28.12.2023 12:31
Sist oppdatert: 28.12.2023 19:41