20211216 133349
KYSTRUTEN: Framleis berre to av fire skip i drift for Havila Kystruten og adm. dir. Bent Martini, her om bord i Havila Capella. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Endå ei utsetjing for Havila Kystruten

Utset rundreiser med Havila Polaris. Aksjen stupte på børsen, men henta seg inn att.

15.03.2023

Havila Kystruten opplyser i ei børsmelding onsdag at selskapet må utsetje rundreiser med skipet Havila Polaris. Dette er tredje skipet selskapet får overlevert frå Tersan-verftet i Tyrkia.

Herøy-reiarlaget slit med å få frigitt skipet, sjølv om Havila Kystruten før jul fekk godkjent at ein får løyst både Havila Polaris og Havila Pollux frå bindingane til den opphavelege russiske långivaren.

Bakgrunnen for den siste utsetjinga er at Havila Kystruten treng lisens frå «Central Bank of Ireland» for å innløyse gjelda og få frigjort sikkerheita som er knytta til skipa.

Trur det er siste utsetjing
Havila Polaris skulle opphaveleg starte på si første rundreise frå Bergen 7. april. No vert dette ikkje noko av. Det same med to til rundreiser.

No satsar Havila Kystruten i staden på å starte opp 29. april.

Selskapet skriv i børsmeldinga at ein har sterk tru på at dette vert den siste utsetjinga.

Børsraset forsvann
Samstundes beklagar ein sterkt konsekvensane for passasjerar og folket langs kysten.

Havila Kystruten-aksjen stupte på børsen etter meldinga og vart omsett til 9,00 kroner, ein nedgang på 9,8 prosent frå sluttkursen tysdag, og den lavaste kursen sidan børsnoteringa. Heilt på tampen av børsdagen steig kursen igjen, og slutta uendra.

Publisert: 15.03.2023 14:39

Sist oppdatert: 15.03.2023 16:52

Mer om