Klarsignal for Havila Kystruten-skip
Britiske rett frir Havila Kystruten frå bindingane til russisk långivar.
Før jul fekk Havila Kystruten godkjent at selskapa får løyst to skip - Havila Polaris og Havila Pollux - frå bindingane til den opphavlege russiske långivaren.
No har «High Court of Justice» i London kome med ein tilsvarande kjennelse for Havila Capella og Havila Castor.
Med denne kjennelsen er eit viktig hinder for å få alle fire skipa i drift passert for Havila Kystruten, men framleis gjenstår godkjenning frå irske styresmakter før Havila Kystruten i praksis er fri frå sanksjonane. (Per i dag har Havila Kystruten to av fire skip i trafikk på gods- og passasjerruta Bergen - Kirkenes).
"Begge kjennelsene fastsetter at ved oppgjør av eksisterende gjeld mot frosne konti, så har Havila Kystruten rett til å overta eiendomsretten til alle fire skipene og at etablerte sikkerheter frigis.", skriv Havila Kystruten i ei børsmelding.
Sperra konto
Havila Kystruten finansierte opphavleg dei fire skipa i flåten gjennom datterselskap av det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK. Då Russland gjekk til krig mot Ukraina i fjor vart Havila Kystruten råka av dei vestlege sanksjonane mot Russland.
Havila har refinansiere skipa, men på grunn av sansksjonane må attendebetalinga til GTLK settast inn på sperra konto og stå der så lenge sanksjonane mot Russland gjeld.
Det er dette opplegget «High Court of Justice» i London no har sagt ja til for alle fire skipa.
Må ha irsk ja
Framleis er det hinder å passere.
Havila Kystruten må bli samde med russarane om det endlege oppgjersoppgjeret, noko kjennelsen i Londen hjelper til med å avklare i følgje børsmelding.
Og ikkje minst må irske styresmakter spele på lag:
"Som tidligere meldt har selskapet søkt den Irske Sentralbanken om lisens til å få sikkerhetene frigitt slik at alle rettigheter til skipene overtas ved innløsing av gjelden. Når lisenser foreligger, kan refinansieringen komme på plass og skipene kan overtas.", heiter det i børsmeldinga.
Publisert: 02.03.2023 14:32
Sist oppdatert: 02.03.2023 15:15