Bent martini omvisning havila capella foto kjetil 11
VENTAR PÅ SKIP: Havila Kystruten-sjef Bent Martini skulle opprinneleg hatt fire skip i drift frå starten av 2021, men har førebels berre to i drift. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ventar på klarsignal

Høge opplæringskostnadar, dyrt drivstoff og høge juridiske kostnadar dreg ned for Havila Kystruten.

27.02.2023

Reiarlaget har framleis berre to av fire skip i drift på passasjer- og godsruta mellom Bergen og Kirkenes. Dermed har selskapet mykje av kostnadane, men mindre av inntektene det skal ha. Det er ein stor del av forklaringa på at resultatet før skatt i fjor blei over ein halv milliard kroner i minus (sjå tabell).

Tidlegare i år varsla selskapet at leveringa av det fjerde skipet, Havila Pollux, er ytterlegare utsett. Skipet skulle etter planen i trafikk frå 22. mars, men jordskjelvet i Tyrkia gjorde at mange av arbeidarane ved Tersan Shipyard i Tyrkia - som byggjer skipet - dro for å delta i hjelpearbeidet.

Nytt tidspunkt for overlevering er sett til slutten av april.

Les børsmelding om resultatet per 4. kvartal her

Både Havila Pollux og Havila Polaris kan førebels uansett ikkje settast i trafikk. Grunnen er at Havila Kystruten manglar lisensen selskapet treng frå irske styresmakter for å fri seg frå bindingane til den opphavlege långivaren, det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK. (GTLK har eit irskeregistrert datterselskap).

Utan den lisensen er Havila Kystruten framleis delvis råka av vestlege sanksjonar mot Russland, som blei innført etter at Russland starta krig mot Ukraina.

Havila Kystruten as
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt332,136,0
Driftsresultat-305,6-48,1
Resultat før skatt-570,4-78,9
Havila Kystruten as
4. kvartal. I mill. kroner2022
Driftsinntekt84,5
Driftsresultat-137,9
Resultat før skatt-237,3

Publisert: 27.02.2023 19:58

Sist oppdatert: 27.02.2023 20:09

Mer om