Endå ein brønnbåt frå Vestnes
Leverte 63,8 meter lang brønnbåt til Troms-reiarlag.
Brønnbåtspesialisten Aas Mek. Verksted på Vestnes har overlevert brønnbåten Skrova til selskapet Brønnbåt Nord Lofoten. Selskapet held til på Engenes utanfor Harstad.
Båten skal rett inn på langsiktig kontrakt for Ellingsen Seafood.
I mars i år leverte Aas Mek. Verksted brønnbåten Grotangen til same reiarlag.
200 tonn levande fisk
Vestnes-verftet opplyser i ei pressemelding at Skrova er av typen AAS 1202 STDE-Hybrid, med ein lastekapasitet på 1200 kubikkmeter fordelt på to lastetankar. Totalt skal ein kunne frakte rundt 200 tonn levande fisk.
Båten har diesel-elektrisk framdrift og ESS-batteri anlegg for hybrid drift, samt stor landstraumkapasitet.
Båten er utstyrt med eksos reinseanlegg, som gir 90 prosent reduksjon i utslepp av NOx.
Nybygget er innreia for ti personar. Om bord er det godt utstyrt messe, salong, bysse, kaffebar ved arbeidsdekk, garderober og trimrom.
Styrehuset er arrangert med tre operatørposisjonar for manøvrering av båten, fjernstyringssystem for drift og overvaking av alle system, fjernstyring av all last og fiskehandtering.
Mykje lokalt
Det er montert mykje overvakingsutstyr om bord, inkludert verftet sitt eigenutvikla informasjons- og overvåkingssystem type Well Controll for lastovervaking, tankpeiling, alarmanlegg, fjernstyring av sirkulasjonssystemet og automatisk logging og rapporteringssystem i samsvar med nytt regelverk for brønnbåtar.
Verftet har også levert sitt eige system Well Wash for vasking og desinfisering av lasterom og andre anlegg.
Båten er også utstyrt med lys og undervasskamera for overvaking av fisken i lasterommet under lasting og transport. Kamera er også montert utvendig undersjøs på båten for å overvake lasteslangar, not og liknande.
Ei rekke selskap frå nordvest har levert utstyr, som desse:
Naud- og hamneaggregat: Nogva Motorfabrikk
Gir og propellutstyr: Brunvoll
Elektrisk: Vik Elektro
Elektronisk: H.G. Marine Electronics
Innreiiningsarbeid: R&M Ship Interior
Ventilasjon: Copra Drift
MOB-båt / kran: Mare Safety
Sidepropellar: Brunvoll
Utvendige dører: Libra-Plast
Laste- og lossesystem: MMC First Process
Styremaskin: Kongsberg Maritime
Ventil -/ rørutrustning: Robinet
Toalettanlegg: Jets Vacuum
Publisert: 23.12.2021 06:38
Sist oppdatert: 23.12.2021 07:49