Aas mek montasje bjørn magne aas foto aas mek privat 11
REKORD: Strålande fjorår og gode framtidsutsikter for Aas Mek Verksted og dagleg leiar Bjørn-Magne Aas. Foto: Aas Mek Verksted/privat
Nytt

Passerte milliarden for første gong

Vestnes-verftet med omsetningsrekord og nytt solid overskot.

14.10.2021

Medan mange skipsverft slit økonomisk, held Aas Mek Verksted på Vestnes fram med å levere gode tal. I 2020 passerte omsetninga for første gong ein milliard kroner.

Resultatet før skatt enda på 70,1 millionar, opp frå 34,4 millionar året før. Berre ein gong tidlegare har det familieeigde verftet hatt betre resultat. Det var i 2017, då driftsresultatet var på 113 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Aas Mek Verksted
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 1035,4 921,3
Driftsresultat 72,3 42,1
Resultat før skatt 70,1 34,4

Brønnbåtar
Vestnes-verftet har spesialisert seg på bygging av brønnbåtar, i tillegg til reperasjon og service. Det ser også lyst ut framover med ei ordrebok på 2,3 milliardar kroner og bygging av sju brønnbåtar fram til 2023.

Dei fleste brønnbåtane er leverte til norske selskap, blant anna til Sølvtrans.

968 millionar kroner av omsetninga i 2020 kom frå norske kundar, medan 63 millionar kom frå utlandet.

Solid økonomi
Styret skriv i årsmeldinga at det vert jobba med prosjektering og tilbod på nye båtar etter 2023.

Verftet er i ei solid økonomisk stilling med ein samla eigenkapital på 125,0 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 36,7 millionar.

Talet på tilsette aukar også, og var ved årsskiftet oppe i 64 årsverk.

Leiarskifte
Bjørn-Magne Aas tok ved årsskiftet over som dagleg leiar etter Halvard Aas, som hadde leia verftet i 40 år. Halvard Aas held likevel fram, med spesiell fokus på utvikling og sal av brønnbåtar.

Selskapet er heileigd av Maritim Holding, der Frode Johan Aas og Hans Inge Aas kvar eig 33,3 prosent. Resten av aksjane er likt fordelte mellom Halvard Aas, Bjørn-Magne Aas og Kim André Krogsæther Aas.

Eigarane kan for året 2020 fordele et utbyte på ti millionar kroner.

Publisert: 14.10.2021 08:06

Sist oppdatert: 14.10.2021 09:23

Mer om