Roger halsebakk foto
BESTILLER MEIR: Sølvtranssjef Roger Halsebakk skal auke flåten fram mot 2025. Dagens kontrahering er eit nytt steg på vegen. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Sølvtrans bestiller to nye brønnbåtar

Aas Mek. Verksted fekk oppdraget.

18.11.2021

Dei to nye båtane får ein lastekapasitet på 3000 kubikkmeter og skal leverast frå verftet i 2024.

Partane opplyser ikkje prisen, men NETT NO har tidligare skrive at båtar av tilsvarande storleik og på same verft kosta mellom 330 og 350 millionar kroner.

Båtane er nummer seks og sju av ein serie brønnbåter på denne storleiken frå Aas Mek. Verksted, skriv Sølvtrans i ei pressemelding.

Sølvtrans har eit byggeprogram som skal vare fram til og med 2025. Dei to verfta som har nytt godt av det er Aas Mek. Verksted og Myklebust Verft.

Åtte båtar til
Etter dei to kontraheringane som blei offentleggjort i dag har Sølvtrans att åtte båtar i byggeprogrammet sitt.

Reiarlaget har opsjonar hos Aas Mek. Verksted og Myklebust om å få bygd desse båtane.

Publisert: 18.11.2021 10:48

Sist oppdatert: 18.11.2021 12:39

Mer om