Som Equinorsjef styrer Eldar Sætre over mykje, mellom anna ei bakterisamling som selskapet har henta opp frå oljefelt verda over.
No får selskapet Hyperthermics tilgang til samlinga for å finne bakteriar som skal brukast til å utvinne biogass, skriv selskapet i ei pressemelding.
Poenget for Hyperthermics er finne dei beste bakteriane i den prosessen som Hyperthermics brukar i sine biogassanlegg.
Eit testanlegg frå Hyperthermics har vore i bruk ved renovasjonselskapet Lindum sitt biogassanlegg ved Drammen sidan 2015. Hyperthermics vonar på dei første sala av anlegga i løpet av året.
Ved hjelp av bakteriar som trivest i høg temperatur kan Hyperthermics bryte ned bioavfall raskare enn i eit ordinært biogassanlegg. Ved å kombinere eit Hyperthermics-anlegg med eit ordinært anlegg, der blandinga frå Hyperthermics-anlegget blir blanda inn i det ordinære anlegget - kan tida det tar å bryte ned bioavfallet i beste fall halverast.
- Avtalen med Equinor gir oss tilgang til ei stor og variert samling av levande organismar. Dermed blir det lettare for oss å finne den mest optimale kombinasjonen av bakteriar til å omdanne ulike typar biomasse til rein og fornybar energi, seier dagleg leiar Harald Nordal i Hyperthermics i pressemeldinga.

Publisert: 07.01.2019 14:13
Sist oppdatert: 21.05.2021 11:22