Erik Høyvik CEO Eqva foto Ogne
VIL VEKSE MEIR: Eqva-sjef Erik Høyvik. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Eqva har oppkjøpskandidatar i sikte

Ordreboka blir tjukkare.

16.05.2023

Eqva aukar driftsinntektene med 13 prosent i første kvartal samanlikna med 4. kvartal i fjor og ordreboka har vakse frå 345 til 461 millioner kroner i kvartalet.

No varslar selskapet óg at dei har funne fleire moglege bedrifter langs kysten som Eqva vurderer som kandidatar for samanslåing eller oppkjøp.

Les børsmelding her

Manglar bedrifter på Nordvestlandet
Industri- og ingeniørselskapet Eqva har hovudkontor i Fosnavåg, men verksemdene i konsernet ligg ved Sognefjorden og sørover til Sunnhordland.

Prosessane er i ein innleiande fase, skriv selskapet i børsmeldinga.

Egva heitte tidlegare Havyard Group. Etter at mykje av verksemda i Havyard Group vart skilt ut i Hav Group var det berre hovudkontoret til Eqva att på Nordvestlandet. Det kan eventuelt blir endra om Eqva finn kandidatar for oppkjøp eller samanslåing også på Nordvestlandet.

Eqva ASA
1. kvartal. I mill. kroner2023
Driftsinntekt200,3
Driftsresultat5,6
Resultat før skatt-0,3

Eqva er eit resultat av fleire prosessar:

  • Refinansieringa og reorganiseringa av Havyard Group, der fire datterselskap blei skilt ut og børsnoterte som Hav Group.
  • Etter den operasjonen omfatta aktiviteten i Havyard Group berre skipsverftet i Leirvik i Sogn, der drifta vart langt om frå nybygg til reparasjon og vedlikehald og arbeidsstokken kutta frå omlag 170 til 70.
  • I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane.
  • Tidlegare storaksjonær Havila Holding eig no 13,89 prosent. I tillegg eig søskena og Havila Holding-aksjonærane Njål, Hege og Vegard Sævik tilsaman 5,37 prosent i Eqva gjennom sine private selskap.
  • Havyard Group vedtok namneskifte til Eqva i fjor.
  • I tillegg til skipsverftet omfattar Eqva BKS Industri (Sunde i Kvinnherad), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø i Austevoll), BKS Power and Automation (Sunde) og Fossberg Kraft.

Publisert: 16.05.2023 07:38

Sist oppdatert: 16.05.2023 09:14

Mer om