EU-resolusjon mot norsk gruvedrift på havbotnen
EU-parlamentet har vedteke ein resolusjon som går mot Noregs planar om utvinning av havbotnmineral.
NPK-NTB – Bibiana Piene: – Ein knusande kritikk, meiner Greenpeace.
Resolusjon vart vedteken med stort fleirtal onsdag. 523 av dei 751 representantane i parlamentet stemde for, medan 34 stemde imot.
– Parlamentet uttrykkjer sine bekymringar for det norske vedtaket om å opne område for aktivitetar på djuphavbotnen, heiter det i resolusjonen.
Reaksjonane på vedtaket lét ikkje vente på seg.
Med resolusjonen strekk EU-parlamentet seg langt i å antyde at Noreg ikkje følgjer opp dei internasjonale forpliktingane sine, meiner Greenpeace.
– Resolusjonen er ein knusande kritikk av dei norske planane for gruvedrift på havbotnen. Dette er eit hardt slag mot Noregs internasjonale omdømme, sig fagrådgivar Haldis Tjeldflaat Helle i Greenpeace Norge til NTB.
– Ignorerer åtvaringar
– Ved å opne for gruvedrift på havbotnen i Arktis ignorerer Noreg åtvaringar frå hundrevis av havforskarar. Dette vedtaket er berre det siste i rekka av kritikk mot Noregs planar, påpeikar ho.
Les også
REV Ocean-leder Nina Jensen vil ha drahjelp fra fiskerne i kampen mot gruvedrift på havbunnen.
Ser store moglegheiter - og meiner Vesten må bli meir uavhengige av Kina og Russland.
Noreg mellom dei første landa i verda som opnar for kommersiell verksemd.
Også SVs Lars Haltbrekken meiner regjeringa er på djupt vatn.
– Meldinga frå EU er tydeleg og viser at kampen mot miljøøydeleggjande gruvedrift på havbotnen ikkje er over. Vi kan ikkje risikere å starte store miljøøydeleggingar på havbotnen til inga nytte, sig han til NTB.
Også WWF Verdsnaturfondet meiner meldinga frå EU ikkje kan misforståast.
– Regjeringas avgjerd om å opne enorme havområde i sårbare Arktis for øydeleggjande gruvedrift har skaka verdssamfunnet. Det er ikkje kvar dag EU diskuterer og stemmer over kva eit suverent land gjer i eigne farvatn, sig generalsekretær Karoline Andaur.
– Set Jonas i skammekroken
– Reaksjonen frå forbundsfellane våre kan ikkje misforståast: Å opne for gruvedrift på havbotnen er uansvarleg havforvaltning, sig ho.
Same bodskap kjem frå MDGs Une Bastholm.
– Det er ikkje ofte vi ser EU-parlamentet så samla som i denne saka. Både konservative, sosialdemokratar og grøne er samde om at norsk politikk er uansvarleg gambling med økosystem og fiskeri Noreg delar med EU.
– Denne resolusjonen set Jonas Gahr Støre og resten av den norske regjeringa langt inn i den miljøpolitiske skammekroken, slår ho fast.
Også EU-kommisjonær Janusz Wojciechowski retta kritikk mot Noreg då EU-parlamentet diskuterte saka i slutten av januar.
– Noreg er det første landet i verda som banar veg for gruvedrift på havbotnen. Vi er veldig klare: Vi ønskjer eit forbu heilt til vi veit at dette ikkje vil ha nokon øydeleggjande effekt, sa Wojciechowski.
Kartlegging og leiting
9. januar i år vedtok Stortinget å opne for å undersøkje om utvinning av havbotnmineral kan gjerast på ein berekraftig og forsvarleg måte.
I første omgang skal industrielle aktørar kunne få løyve til å kartleggje og leite etter mineral i eit avgrensa område, ifølgje regjeringa.
Eventuelle planar om utvinning må likevel godkjennast av både departementet og Stortinget.
I resolusjonen går EU-parlamentet også inn for eit internasjonalt moratorium, det vil seie ei mellombels utsetjing, på all gruvedrift på havbotnen.
Prøvd å snu motstand
Regjeringa har den siste tida drive intens lobbyverksemd i Brussel for å snu motstanden mot havbotnmineral.
Mellom anna har statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sendt eit brev til EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen.
I brevet, som er datert 26. januar i år, skriv Støre at «det er viktig å informere deg om bakgrunnen for og innholdet i Norges tilnærming til havbunnsmineraler for å unngå misforståelser».
Publisert: 07.02.2024 15:40
Sist oppdatert: 07.02.2024 15:40