Opnar for gruvedrift på havbotnen
Noreg mellom dei første landa i verda som opnar for kommersiell verksemd.
(NPK-NTB- Stian og Anna Victoria Stjern): Ap, Sp, Frp og Høgre er etter fleire vekers forhandlingar samde om ei stegvis opning for gruvedrift på havbotnen.
Noreg vil med dette vere blant dei første landa i verda som opnar for kommersiell gruvedrift etter havbotnmineral.
Partia har vorte samde om ein stegvis opningsprosess der Stortinget skal godkjenne dei første utviklingsprosjekta, på same måte som det blir gjort for enkelte utvinningsprosjekt i petroleumssektoren.
– Dette gir kjende og føreseielege rammer for næringsaktørane som skal delta i den nye næringa. Krav til miljø og miljøkartlegging i leitefasen og ansvaret til styresmaktene blir presisert i semja, der styresmaktene i forkant av ei eventuell utvinning skal lage eit oppdatert og samanlikna kunnskapsgrunnlag om verknader for miljø, skriv Høgre i ei pressemelding.
Noreg har store førekomstar
Gruvedrift på havbotnen er svært omstridd. I det ferske direktivet sitt om kritiske råvarer slår EU fast at dei ikkje vil støtte slike prosjekt før alle miljøkonsekvensar er fullt ut kartlagde.
Noreg har store førekomstar av ulike mineral på havbotnen, og regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dette kan bli ei ny næring. Fleire av minerala det er snakk om, er viktige til dømes i utbygginga av vindmøller og i konstruksjonen av batteri.
Vil be EU stoppa planane
Regjeringas planar om gruvedrift på havbotnen har vore avhengig av støtte frå høgresida. Regjeringas samarbeidspartnar SV er stor motstandar av planane.
Tysdag var Naturvernforbundet raskt ute med kritikk av avgjerda. Leiar Truls Gulowsen seier det er dårleg nytt for livet i havet - og at den bryter med faglege råd.
Også Bellona er også svært kritisk og varslar at dei vil jobbe med EU for å få stoppa planane.
– Sterkt behov
Høgre meiner at behovet for mineral vil auke sterkt dei neste tiåra for å klare energi- og klimaomstillinga, og at havbotnmineral er ei spennande moglegheit for Noreg.
Det har samtidig vore viktig for partiet å stramme inn på rammeverket som regjeringa foreslo, ifølgje Høgres saksordførar Bård Ludvig Thorheim.
– Vi stiller no tydelegare krav til miljø og miljøkartlegging, og vi innfører eit nytt trinn der dei første planane for utvinning skal tilbake og bli godkjende av Stortinget. Utvinning skal berre tillatast dersom framtidig kunnskap viser at det kan gjerast berekraftig og forsvarleg, og etter at regjeringa har lagt fram eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om miljøet på djuphava, seier han.
Publisert: 05.12.2023 10:19
Sist oppdatert: 05.12.2023 13:13