Foereslaar gratis lakseoppdrett paa land
LAKS PÅ LAND: Ein ny offentleg rapport går inn for å innføre vederlagsfrie løyve til oppdrett av matfisk på land. 
Nytt

Føreslår gratis lakseoppdrett på land

Ei offentleg arbeidsgruppe tilrår å legge til rette for landbasert oppdrett av matfisk, der oppdrettarane slepp å betale staten for løyvet.

15.01.2015
(NPK): Arbeidsgruppa vart sett ned av Nærings- og fiskeridepartementet i slutten av oktober 2014 og har no levert rapporten «Laks på land». Der slår dei fast at det bør etablerast ein eigen type løyve for landbasert oppdrett av laks og aure. Desse løyva bør vere vederlagsfrie og utan avgrensingar i talet på anlegg.
Konklusjonane i rapporten er samrøystes, opplyser Fiskeridirektoratet. Både Mattilsynet, Miljødirektoratet, matforskingsinstituttet Nofima og oppdrettsorganisasjonane NSL og FHL har vore representerte i arbeidsgruppa.

Slepp unna millionrekning

I fjor måtte fleire oppdrettsselskap punge ut med opp til 66 millionar kroner til staten for å sikre seg løyve til vanleg produksjon av oppdrettslaks til sjøs. Slike millionbetalingar skal landoppdrettarane sleppe unna, dersom råda frå arbeidsgruppa får gjennomslag.
– Det er den private eigedomsretten som gjeld på land. Den som skal starte eit landbasert anlegg må betale leige eller kjøpe arealet anlegget skal liggje på. Dagens regime inneber at den som vil etablere eit slikt anlegg på land både må betale vederlag til staten og til landeigar. Det vert ikkje nøytralt, seier leiar i arbeidsgruppa Jens Christian Holm til Dagens Næringsliv. Holm er også direktør i Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

– Viktig for positiv utvikling

Fram til i dag har ikkje kommersielt oppdrett på land vore særleg lønsamt. Men no ser det ut til at ny teknologi kan gjere det meir interessant å satse på landoppdrett. Anlegg på land kan også kome til å gjere det lettare å handtere miljøutfordringar som lakselus, rømming og lokale utslepp, peikar rapporten på.
I dag finst det 12 slike anlegg i verda, dei fleste i USA og Canada, to i Danmark, og Kina, Polen og Frankrike har også prøvd seg.
– For å vidareutvikle norsk oppdrettsnæring er det viktig at styresmaktene legg til rette for alternative driftsformer. Dersom vi ikkje gjer det, vil det kunne bety tapte moglegheiter for norsk næringsliv. Å legge til rette for landbasert oppdrett vil kunne bidra til ei slik positiv utvikling, seier utvalsleiar Jens Christian Holm.
Råda i rapporten vil vere bakteppe for fleire av spørsmåla som skal behandlast i havbruksmeldinga, som kjem seinare i vår.

Publisert: 15.01.2015 13:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40