Maritime bedrifter er transportbedrifta Einar Valde i Skodje sine største kundar. Dagleg leiar og eigar Rolf Inge Valde sa til NETT NO i fjor vår at dei merka godt at det var lavare aktivitet i maritim sektor.
Les også:
- Men det er noko ein må leve med. Når mesteparten av kundegruppa vår er i inne i ein slik tøff perode, må også vi finne oss i lågare aktivitet. Vi hadde reduksjon i omsetninga i 2015 i høve til året før, men det ser ut til at 2016 vil bli eit bedre år, sa han i mai i fjor.
Transportbransjen generelt er ein tøff og krevande bransje, med sterk konkurranse frå utenlandske aktørar.
- Dei opererer på heilt andre konkurransevilkår enn vi gjer. Det er to faktorar som gir fordel no, det er lav rente og at dieselprisen går i riktig retning, sa Valde vidare.
Sjølv om driftsinntektene fall noko i fjor, til 38 millionar kroner, klarte selskapet å snu eit underskot før skatt på 2 millionar i 2015 til eit overskot før skatt på 2,1 millionar i fjor (sjå tabell).
Eigedom- og søsterselskapet Ev Utleie fekk også eit overskot på 1 million kroner.
- Den nyaste bygninga på 3.000 m2 er temperert og utstyrt med traverskran med ein løftekapasitet på 40 tonn. Etterspørselen etter oppdrag med lagring har auka betraktelig siste åra, og vi har også investert i ein gaffeltruck med 20 tonns løftekapasitet. Vi byrja med utleige i 2004, og det har vore ei riktig satsing. Dette har gjort oss mindre sårbare og meir konkurransedyktige, sa Valde i fjor vår.
Selskapet har funne si nisje og driv mykje med spesialtransport. Dei har ein stor bilpark, og har også uttrekkbare semitrailere for ekstra langt, høgt og bredt gods.
- Vi er ikkje så gode på å transportere fisk og møbel. Vi skal fortsetje å halde på med det vi kan, og der vi ønsker å halde ein god servicegrad overfor våre eksisterande kundar.
Eit internasjonalt næringsliv i regionen gjer også at det blir mykje transport både innad og til/frå Europa.
Til saman har dei 8.000 kvadratmeter lagringskapasitet inne fordelt på fleire moderne hallar.
Selskapet hadde i fjor 19 årsverk.
Les også:
- Men det er noko ein må leve med. Når mesteparten av kundegruppa vår er i inne i ein slik tøff perode, må også vi finne oss i lågare aktivitet. Vi hadde reduksjon i omsetninga i 2015 i høve til året før, men det ser ut til at 2016 vil bli eit bedre år, sa han i mai i fjor.
Transportbransjen generelt er ein tøff og krevande bransje, med sterk konkurranse frå utenlandske aktørar.
- Dei opererer på heilt andre konkurransevilkår enn vi gjer. Det er to faktorar som gir fordel no, det er lav rente og at dieselprisen går i riktig retning, sa Valde vidare.
Snudde underskotet til overskot igjen
Valde fekk rett i at det såg ut som 2016 vart eit betre år enn 2015.Sjølv om driftsinntektene fall noko i fjor, til 38 millionar kroner, klarte selskapet å snu eit underskot før skatt på 2 millionar i 2015 til eit overskot før skatt på 2,1 millionar i fjor (sjå tabell).
Eigedom- og søsterselskapet Ev Utleie fekk også eit overskot på 1 million kroner.
Tilbyr mellomlagring
I tillegg til å drive transport, tilbyr Einar Valde as mellomlagring. Dei kan dermed handtere vareflyten til mange kundar, noko som det er veksande etterspørsel etter.- Den nyaste bygninga på 3.000 m2 er temperert og utstyrt med traverskran med ein løftekapasitet på 40 tonn. Etterspørselen etter oppdrag med lagring har auka betraktelig siste åra, og vi har også investert i ein gaffeltruck med 20 tonns løftekapasitet. Vi byrja med utleige i 2004, og det har vore ei riktig satsing. Dette har gjort oss mindre sårbare og meir konkurransedyktige, sa Valde i fjor vår.
Spesialtransport
Selskapet har særleg mange oppdrag for mekanisk industri og anleggsbransjen, og køyrer både i Norge og Europa. Dei har også eigne ekspressbilar, og har lang erfaring med levering av reservedelar til båtar og skipsverft.Selskapet har funne si nisje og driv mykje med spesialtransport. Dei har ein stor bilpark, og har også uttrekkbare semitrailere for ekstra langt, høgt og bredt gods.
- Vi er ikkje så gode på å transportere fisk og møbel. Vi skal fortsetje å halde på med det vi kan, og der vi ønsker å halde ein god servicegrad overfor våre eksisterande kundar.
Eit internasjonalt næringsliv i regionen gjer også at det blir mykje transport både innad og til/frå Europa.
Stor tomt og god lagringskapasitet
Valde er andre generasjon i selskapet, og dei var forutsjåande då dei flytta til Håhjem Næringspark tidleg på åtti-talet. Der har dei ei 20-måls tomt, og har dermed gode moglegheiter for lagring både ute og inne.Til saman har dei 8.000 kvadratmeter lagringskapasitet inne fordelt på fleire moderne hallar.
Selskapet hadde i fjor 19 årsverk.
Etterspørselen etter oppdrag med lagring har auka betraktelig siste åra
Publisert: 23.10.2017 15:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15