Bjorli Skisenter mars 2025
NY SESONG: Går alt etter planen vil skianlegget på Bjorli vere klart til drift når skisesongen 2025/2026 kjem. Foto: Bjorli Skisenter
Nytt

Klar for ny sesong på Bjorli

Nye og gamle aksjonærar går inn med åtte millionar kroner.

10.09.2025

Etter konkursen i Bjorli Skisenter i vår har det blitt arbeidd på spreng for å starte eit nytt driftsselskap og sikre vidare drift av skianlegget.

No har både gamle og nye eigarar gått inn med åtte millioner kroner for å finansiere det nye driftselskapet. Det opplyser Bjorli Skisenter Holding/Bjorli Service.

Pengane skal mellom anna brukast til å dekkje kostnadane med å få stolheisen godkjent for 15 nye år.

Før konkursen var Bjorli Skisenter i gang med vedlikehald og utbetringar for å få den naudsynte godkjenninga frå Statens Jernbanetilsyn, som har godkjenningsansvaret også for skiheiser.

Godkjenning var i fare
Med konkursen sto eit eventuelt nytt driftsselskap i fare for å måtte starte arbeidet med godkjenning heilt på nytt. Det ville blitt både tidkrevande og dyrt.

Heldigvis kunne Bjorli-investorane byggje på arbeidet som allereie var gjort med å få anlegget godkjent. Det utgjorde ein «enorm besparelse» sa Stian Amundsen til Nett No i juni i år

Amundsen er innleigd som mellombels dagleg leiar i Bjorli Service. Dei skal skifte namn til Nye Bjorli Skisenter og stå for drifta av skianlegget på Bjorli.

Går alt etter planen blir dokumentasjonen knytt til ny godkjenning sendt til tilsynet i neste veke. Saksbehandlingstida er omlag fire veker, ifølgje Amundsen. Han er trygg på at anlegget er klart til drift når snøen kjem. 

Eigarar frå Nordvestlandet
Skisenteret på Bjorli og selskapet som planlegg ei storstilt utbygging av tomter, hotell og anna infrastruktur har begge fleire kjente investorar frå Nordvestlandet.

Blant dei som er med på kapitalutvidinga i denne omgang er blant andre Eivind Volstad og familiens selskap Volstad As, Olbjørn Kvernbergs selskap Calidris, Rostein og Aas. Mek. Verksted, ifølgje informasjon frå Bjorli Skisenter Holding/Bjorli Service.

Publisert: 10.09.2025 14:01

Sist oppdatert: 10.09.2025 14:28

Mer om