Volt collector dåp foto marius 11
TO AV TRE KNUSTE: To av dei tre sjampanjeflaskene gudmor Therese Remøy sende i skutesida, gjekk i knas på første forsøk. Reiarsjef Even T. Remøy lengst til høgre. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Feira 50 år med trippeldåp

Godt med arbeid gjorde at det vart fjerndåp for to av tre båter under Remøy Management-jubileum.

Marius Rosbach
10.06.2022

Fredag inviterte Remøy Management til feiring av 50-årsjubileum i Fosnavåg.

Markeringa for Herøy-selskapet starta med dåp av heile tre båtar – men berre Volt Collector befann seg ved ytre almenning-kaia under seremonien.

- Vi er ikkje sikre, men vi trur ikkje at det er gjort før - å drøype tre båtar samtidig, sa reiarsjef Even T. Remøy under seremonien.

(saka held fram under)

Volt collector dåp foto marius 22
FOSNAVÅG: Volt Collector er knappe 15 meter lang og 12 meter brei, og var den einaste av tre Volt-båtar som hadde tid til sin eigen dåp. Foto: Marius Rosbach

Det Moen Marin-bygde fartøyet er verdas første servicekatamaran med bløggeanlegg. Dei to andre båtane som blei døypt - Volt Harvest I og Volt Harvest II – er ute på oppdrag på rogalandskysten og kunne ikke ta seg tida til seglasen til heimehamna.

– Difor måtte vi ty til fjerndåp i dag. Vi har bedt dei ta pause frå arbeidet og stå i stram giv akt i eitt minutt, fortalde HR-sjef Nina Remøy i Remøy Management lattermildt til NETT NO før seremonien starta.

Sjå video under:

Etter dåpen drog gjestane til lunsj på Kami Skotholmen og påfølgjande festmiddag ved Thon Hotel Fosnavåg.

(saka held fram under)

Volt collcetor dåp foto marius 33
TRIPPELDÅP: Namna til alle båtane var for anledninga kome på skutesida. Gudmor Therese Remøy, saman med faren Ståle Remøy (t.h.), og Even T. Remøy (t.v.) og Tore Remøy. Foto: Marius Rosbach

Vil ha større flåte
Fosnavåg-baserte Remøy Management har hatt driftsansvaret for ein rekke fartøy opp gjennom åra. Even T. Remøy tok over som toppsjef etter onkelen Ståle Remøy i 2015.

Innunder konsernet ligg også Volt Service-reiarlaget, som driv fleire bløggebåtar via ulike Volt-selskap, og har vore ei vellukka satsing mot oppdrett. Når selskapet får levert sin tredje bløggebåt frå Fitjar i mars neste år, består flåten deira av fem slike fartøy.

Even T. Remøy legg ikkje skjul på at han håpar på fleire båtar, men førebels er ingenting bestemt.

(saka held fram under)

Optimar om bord i volt collector foto marius 11
BLØGGEBÅT: Her kjem fisken inn til bedøving, før den blir bløgga i neste fase av anlegget levert frå Optimar. Foto: Marius Rosbach

100 prosent norskbygd
Også dei to Volt Harvest-båtane er 100 prosent norskbygd og er levert frå Fitjar Mekaniske Verksted. Om bord i alle tre båtane er det betydeleg utstyr frå Optimar.

Om bord reindyrkast prinsippet med ein bløggebåt og dei vil kunne slakte 60 tonn fisk i timen, kvar dag. Ein tradisjonell bløggebåt hentar gjerne fisk annakvar dag frå merdane.

Publisert: 10.06.2022 13:31

Sist oppdatert: 10.06.2022 22:06

Mer om