Volt Harvest III ill Fitjar Mek Verksted
NUMMER TRE: Volt Harvest III er den tredje bløggebåten Volt Service får bygd hos Fitjar Mek. Verksted. Illustrasjon: Fitjar Mek. Verksted.
Nytt

Ny båt til Volt Service

Har fem bløggebåtar i flåten når nybygget blir levert neste år.

19.04.2022

Volt Harvest III frå Fitjar Mek. Verksted skal leverast i mars neste år. Den frakte nesten 400 tonn bløgga fisk og blir den femte bløggebåten til Volt Service, eit reiarlag med Remøy Management Holding i Herøy som største eigar.

I 2016 var Remøy Mangagement Holding-sjef Even T. Remøy med på å starte Volt Service, for å vinne innpass i oppdrettsnæringa. Flåten er gradvis utvida, men per i dag er det ikkje teke noko avgjerd om å bestille ytterlegare fartøy, ifølgje Remøy.

Han ønskjer ikkje å opplyse kva båten kostar.

Meir fisk på mindre plass
Ein bløggebåt (også kalla slaktebåt) skil seg frå ein vanleg brønnbåt ved at fisken som blir pumpa ombord frå oppdrettsanlegga, blir avliva på båten, før den blir transportert til slakteriet for vidare bearbeiding.

Fordelen med ein bløggebåt samanlikna med ein brønnbåt, er at død fisk treng mindre plass enn levande fisk. Dermed kan også bløggebåtane byggast mindre enn brønnbåtane for å frakte den same fisken.

Volt Service III blir utstyrt med fire bløggliner frå Optimar.

Den får batteri og anlegg for lading frå land og kan gå i fleire timar berre på batteri, ifølgje pressemeldinga.

Publisert: 19.04.2022 10:19

Sist oppdatert: 19.04.2022 10:21