Feirar Nordoeyvegen med DDE
KLAR I 2023: Nordøyvegen skal erstatte to ferjer og ein hurtigbåt og knyte Nordøyane til fstlandet i Haram.
Nytt

Feirar Nordøyvegen med DDE

I.P. Huse inviterer til DDE-konsert i september for å feire bygging av Nordøyvegen.

20.06.2017
- Alle som vil er velkommen, seier dagleg leiar Morten Hopland i I.P. Huse.
Bedrifta hadde ein liknande konsert for 10 år sidan, med utescene i Steinhamn, og Hopland seier det ikkje er noko problem å ta i mot 1000 tilhøyrarar.
Han meiner vegen vil ha stor bedtydning for bedrifta, først og fremst ved at det blir lettare å rekruttere folk og meir freistande for utflytta å busette seg på øyane.

Lyser ut oppdrag

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut dei fire første kontrakten på bygging av Nordøyvegem, etter at Stortinget i natt godkjende bompengefinansieringa av vegen.

Dermed blir det byggestart til hausten, etter at det er avgjort kven som vinn konkurransen om dei innleiande oppdraga.
Heile utbygginga er rekna å koste 3,8 milliardar kroner. Ved hjelp av bruer og tunellar skal det gi fastlandssamband for 2900 personar på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune.

Tvil om bygging

Målet er at vegen skal vere open for trafikk i 2023.
Etter at Haram kommune hadde sett av over 200 millionar kroner til å vere med på finansiere vegen dukka det i fjor opp tvil både om stigninga i tunellane tilfredstiller dagens krav og om finansiering av heile prosjektet.

No er tvilen rydda av vegen, og arbeidet med å innhente tilbod i gang. Dei to store byggekontraktene i prosjektet blir lyst ut våren 2018.

Kjøpte fabrikk

Tvilen som oppsto rundt om det blei bygging eller ei fekk Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk til å skyve på planane om å etablere ei avdeling på Haramsøya.
Han kjøpte bygget frå Flakk-gruppen i 2015 etter at Flakk-selskapet flytta produksjonen H-Produkter hadde der, men valde å vente med å ta bygget i bruk då det vart tvil om vegen vart bygd.

Publisert: 20.06.2017 09:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11