Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) fekk applaus for nyheita om at regjeringa vil opprette 100 nye studieplassar innan IKT.
Statsråden slapp nyheita under eit besøk ved it-bedrifta Twoday i Ålesund. Applausen kom frå dei tilsette som hadde samla seg for å møte besøet. Hoel kunne samtidig fortelje at NTNU vil få 20 av plassane.
– Det blir satsa på IKT-utdanning ved norske universitet og høgskuler, understreka statsråden.
– Framleis ikkje roleg
Twoday Norge-sjef Kristin Rotevatn Nyberg sett pris på fleire studieplassar, men understreka at dei ønska seg fleire studieplassar i faget framover, for å takle den venta veksten i bransjen.
– Vi ønsker oss endå fleire studieplassar, understreka ho til Nett No.
Ho er glad for at det er merksemd kring faga, mellom anna med den ferske digitaliseringsstrategien som regjeringa la fram førre veke.
– Vi opplever at IKT-næringa er blitt høyrt, men eg er framleis ikkje roleg i forhold til det kompetansegapet vi ventar kjem, legg ho til.
Under besøket fekk Hoel også høyre korleis bedrifta arbeider med digitalisering i regionen.

– Skriker etter denne kompetansen
Fagforbundet Tekna er ikkje nøgd med regjeringa sitt forslag til budsjett for neste år og meiner det er for svak satsing på teknologi, realfag og forskning.
– No har vi venta i tre år på regjeringas store løft for teknologi- og realfaga. Næringslivet skrik etter denne kompetansen og behovet blir stadig større, uttaler Tekna-president Elisabet Haugsbø i ei melding.
Ho meiner 100 studieplassar ikkje er nok til å lukkast med den digitale omstillinga.
Erkjente «kritisk kompetansemangel»
Seinare fekk Hoel både omvising på NTNU Ålesund og la fram statsbudsjettet for forsking og høgare utdanning ved institusjonen. Då erkjente han mellom anna at det er ein «kritisk kompetansemangel» spesielt innan IKT-faga.
Sjå direktesending frå pressekonferansen (ekstern lenke)
Statsråden kunne ikkje love fleire studieplassar til bransjen «over bordet», men viste til at det står høgt på agendaen for det vidare arbeidet.
– Og er det noko vi har gitt høg prioritet gjennom to statsbudsjett, så er nye studieplassar til IKT-studie, seier Hoel til Nett No.
Også i fjorårets statsbudsjett blei det lagt inn 100 nye IKT-studieplassar.
Han streka vidare under at regjeringa i stortingsmeldinga om det framtidige kompetansebehovet, har peika på at dette feltet skal bli prioritert vidare.
– Vi ser også at institusjonane aukar kapasiteten utover det vi gir av friske pengar til dette, legg Hoel til.
Publisert: 07.10.2024 11:25
Sist oppdatert: 07.10.2024 16:08