Kristin Rotevatn Nyberg foto Marius 33
STÅR STERKARE: Skilnaden mellom arbeidsmarknaden på Nordvestlandet og sentrale strøk, er blitt mindre. Det gjer at regionen står sterkare i kampen om it-talenta, meiner Twoday Norge-sjef Kristin Rotevatn Nyberg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Må hente meir kompetanse frå utlandet

Meir attraktivt for it-folk å jobbe på Nordvestlandet. Twoday Norge-sjefen vil helst rekruttere både lokalt og globalt.

Marius Rosbach
17.02.2024

For folk innan it- og teknologibransjen treng Kristin Rotevatn Nyberg knapt nokon introduksjon. Kvinna som vaks opp på Sunnmøre, er sjef for kring 500 Twoday-tilsette i Norge, og på lista over landets fremste tech-kvinner.

Ho er bevisst på å vere eit synleg forbilde for andre kvinner i teknologibransjar. Samtidig er ho audmjuk over selskapet ho hamnar i, ved slike kåringar.

– Eg har alltid vore så oppteken av jobben og hatt det så gøy undervegs. Så når eg ser meg sjølv litt utanfrå, er eg eigentleg litt overraska over at eg har hamna her, seier ho NETT NO.

Teknologibransjen kjem til å bli kjempeviktig for dei løysingane som vi er nøyd til å hente fram dei neste åra
Kristin Rotevatn Nyberg

– Kjem til å bli kjempeviktig
Sjølv om karrieren vitnar om eit vist ambisjonsnivå, har ikkje det vore drivkrafta. Ho seier ho er takksam for å ha hatt «mykje spennande jobbar» i en «den mest spennande bransjen» som finst.

– Og teknologibransjen kjem til å bli kjempeviktig for dei løysingane som vi er nøyd til å hente fram dei neste åra, seier Nyberg.

Ho er engasjert både fagleg og i bedrifta. Då Twoday Ålesund-sjefen måtte kaste inn handkleet til it- og teknologikonferansen i Molde denne veka, steppa Nyberg inn på kort varsel.

Der kom ho med sine tips til korleis bedrifter bør møte kunstig intelligens.

It konferanse molde seilet foto marius 11
FULLT HUS: Mange ville høyre om kunstig intelligens då temaet blei sett på dagsorden under it- og teknologikonferansen i Molde denne veka.

Bør sjå til utlandet
Rekruttering er eit anna felt som engasjerer. Mangel på kompetanse i it- og teknologi er mykje omtalt. Twoday-sjef i Ålesund, Torill Standal Eliassen, er mellom dei som har varsla om ei kompetansekrise.

Kristin Rotevatn Nyberg meiner bransjen i større grad bør sjå til utlandet.

– Skal vi lukkast med å fylle teknologibehovet som kjem i Norge, må vi legge til rette for å hente meir kompetanse frå utlandet, seier ho.

Ho har sjølv bakgrunn frå oljebransjen, som har meir tradisjon for å rekruttere internasjonalt. Helse- og omsorg er ein anna sektor, der det har vorte meir vanleg.

– Der blir det henta inn folk frå utlandet, og det må vi også gjere innafor teknologi, legg ho til.

Geografi blir mindre viktig
Ein tydeleg trend ho har observert dei siste åra, er at geografisk plassering betyr mindre. Både selskap og bransjar jobbar i større grad på tvers av byar og avstandar.

– Det er viktig at folk kan fortsette karrieren, sjølv om dei flyttar til Ålesund, eller andre plassar på Nordvestlandet, seier ho.

Den utviklinga skaut fart under pandemien, og Nyberg meiner endringa utjamnar skilnaden i arbeidsmarknadene mellom dei store byane og meir grisgrendte strøk av landet.

– Det er heilt klart ei endring, som fleire enn vi i Twoday opplever gevinsten av, legg ho til.

Til dagleg jobbar Twoday Norge-sjefen på hovudkontoret i Oslo. Med røter på Sunnmøre og eit stort fagmiljø i Twoday Ålesund, har ho likevel god oversikt over kva som rører seg på Nordvestlandet.

– Næringsklynga som er på Sunnmøre og resten av Nordvestlandet, utgjer utruleg spennande kundar for oss. Å få vere med på den innovasjonen som skje her, er også ein motivasjon når vi rekrutterer dyktige teknologar hit, seier ho.

Fag og fjell lokkar mange til å flytte heim til Nordvestlandet når dei kjem i etableringsfasen – men også frå andre delar av verda.

– Regionen åleine er blitt såpass attraktiv at den trekker til seg folk som ikkje har tilknyting til området frå før, seier Nyberg.

Konferanse molde panelsamtale foto marius
PANELSAMTALE: Kristine Rotevatn Nyberg deltok under panelsamtale om kunstig intelligens. Finn flinke folk, ta i bruk dataene dine og finn ut kva som finst av verktøy for å oppnå det du ønsker, er hennar råd til bedrifter som vil utforske teknologien. Foto: Marius Rosbach

1100 søkjarar på 40 stillingar
Twoday har til no hatt god tilgang på folk og rekrutterer årleg mange nyutdanna. Sist fekk dei meir enn 1.100 søkjarar til 40 stillingar.

– Det kjem så masse flinke folk ut frå campusane og desse nyutdanna er heilt rå. Det er eit av dei mest attraktive studia, som får inn kremen av flink ungdom. Også er vi så heldige at vi får plukke kremen av dei igjen, seier ho entusiastisk.

Med ei avdeling på kring 100 tilsette tett på campus, er NTNU i Ålesund mellom plassane Twoday rekrutterer aktivt.

Torill Standal Eliassen studenter Foto Privat 11
STUDENTARRANGEMENT: Twoday-sjef i Ålesund, Torill Standal Eliassen, under speed date med studentar i Ålesund. Slik har bedrifta møtt fleire nye tilsette. Foto: Privat

Kundane vil ha lokal kompetanse
Nyberg meiner samtidig lokal rekruttering er blitt viktigare – eigentleg over alt der kundane er.

– Veldig mange av kundane vil gjerne ha lokal kompetanse, og eg opplever at det blir stadig viktigare, seier ho.

Med dagens teknologi, lar det seg gjere å ha tilsette ulike plassar. Men sjølv om Nyberg gjerne lar dei tilsette jobbe på heimekontor, meiner ho det ikkje børe vere ei permanent løysing.

– Det er også viktig å ha eit miljø rundt seg med kollegaer og folk du ser til dagleg, og kanskje drikk ein kaffi med. Undersøkingar har vist at dei som har slike har ein tendens til å vere meir engasjerte. Og engasjement er sjølvsagt også knytt til effektivitet, påpeikar it-leiaren.

Publisert: 17.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 19.02.2024 17:39

Mer om