Hofseth Biocare Midsundfoto Ogne
SEL MEIR: Hofseth Biocare sin fabrikk i Midsund vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri og lagar produkt for helsekost- og dyrefôrmarkande. Hofseth Biocare utviklar og produkt retta mot legemiddelmarknaden.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordstor ordrebok, nytt minusår

Ved utløpet av januar i år hadde Hofseth Biocare bestillingar for 25 millionar kroner, fire gangar meir enn i januar 2021.

04.02.2022

No er det sal som har førsteprioritet, skriv selskapet sin siste kvartalsrapport, som viser korleis det gjekk i 4. kvartal og heile 2021.

Les børsmelding her

Underskotet før skatt i 2021 er på 123,9 millionar kroner. Selskapet blei stifta i 2009 og gått i minus kvart år.

Hofseth Biocare ASA vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri, til helsekostprodukt, ingrediensar til dyrefôr og har produkt under utvikling for legemiddelmarknaden.

Auka sal
Med unntak av 2017 - då sal av bygningar sto for mykje av inntektene - hadde Hofseth Biocare i 2021 sine høgaste driftsinntekter hittil. (sjå tabell)

Administrerande direktør og storaksjonær Roger Hofseth skriv i kvartalsrapporten at selskapet passert eit vendepunkt i 2021, og ventar vidare vekst framover.

Emisjonar i 2020
I 2020 henta Hofseth Biocare inn 245 millionar kroner i ny eigenkapital og hadde ved inngangen til 2021 ein bokført eigenkapital på 264 millionar kroner.

Etter underskotet i 2021 var den bokførte eigenkapitalen 142 millionar kroner ved inngangen til 2022.

Aksjekursen i Hofseth Biocare har falle 33 prosent i løpet av dei siste 12 månadane og 13 prosent sidan starten av 2013.

Klokka 09:07 var aksjane i Hofseth Biocare handla til 6,08 kroner, opp frå seks kroner då børsen stenge i går ettermiddag. Kursen verdset Hofseth Biocare til 2,1 milliardar kroner.

Hofseth Biocare ASA
4. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt26,123,1
Driftsresultat-31,4-29,1
Resultat før skatt-34,6-31,1
Hofseth Biocare ASA
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt87,669,3
Driftsresultat-116,0-92,0
Resultat før skatt-123,9-102,1
HOFSETH BIOCARE quote chart
Børsutviklinga til Hofseth Biocare sidan børsnoteringa i 2011. Grafikk: Oslo Børs

Publisert: 04.02.2022 08:58

Sist oppdatert: 04.02.2022 09:09

Mer om