Roger Hofseth foto Ogne
VENDEPUNKT: Administrerande direktør og storaksjonær Roger Hofseth opplyste i kvartalsrapporten før helga at Hofseth Biocare passerte eit vendepunkt i 2021, og ventar vidare vekst framover.
Nytt

Pris til Hofseth Biocare

Heidra for teknologiutvikling i internasjonal kåring.

Marius Rosbach
08.02.2022

Hofseth Biocare er kåra til den mest innovative produsenten av menneskelig medisinsk ernæringtilskudd av Global Health & Pharma’s Healthcare & Pharmaceutical (GHP) Technology Awards.

GHP-utmerkinga kjem etter 15 år med forsking og utvikling av selskapets tre hovudprodukt «ProGo», «CalGo» og «OmeGo».

Fleire titals studier
Ålesund-selskapet har no gåande 34 kliniske studier og har 48 ulike godkjenningar til behandling hos styresmaktene i USA, Canada og EU.

– Vi er glade for å bli anerkjent som den mest innovative produsenten av menneskelig medisinsk ernæringtilskudd i 2021 av GHP. Produkta våre er dei mest berekraftige og sporbare marine ingrediensane tilgjengeleg globalt. Vi meiner potensiale potensiale er forsterka gjennom våre innovative forskningsplattformar, som kan identifisere nye helsefordelar frå marine ingredisensar med kommersiell betydning, uttaler Tanja Schaffer som er «executive vice president» for globale ingrediensar i ei børsmelding frå selskapet.

Selskapet har oppretta eit forskningssenter i Kipervikgata i Ålesund. Dei jobbar no mellom anna med å undersøke effektene av beinmel frå laks på beinskjørheit og artrose, og effekten av lakseolje på astma og KOLS.

Rekordstor ordrebok
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri, til helsekostprodukt, ingrediensar til dyrefôr. Dei har óg produkt under utvikling for legemiddelmarknaden.

Rekneskapa har gått i minus sidan oppstarten i 2009, men då selskapet nyleg leverte årsrapporten for 2021, kunne dei vise til ei rekordstor ordrebok.

Administrerande direktør og storaksjonær Roger Hofseth skreiv i kvartalsrapporten at selskapet passert eit vendepunkt i 2021, og ventar vidare vekst framover.

Publisert: 08.02.2022 09:36

Sist oppdatert: 08.02.2022 09:49

Mer om