Rita Sævik galleri 1 2022 06 09 121733 zmnx 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
LÅG GODT AN: Kvotene og prisane gjorde at Rita Sævik (biletet) og Espen Ervik i Ervik & Sævik låg an til nok eit godt år for fiskeriverksenda sin, men korona og politikk gjorde at dei gjekk glipp av inntekter dei kunne fått i fjor.Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Fekk for lite fisk

Rita Sævik og Espen Ervik måtte sjå fiskebåten Christina E ligge mykje lenger på verkstad enn planlagt i fjor.

03.08.2022

Hovudverksemda i Ervik & Sævik-konsernet er fiske, i datterselskapet Christian E som eig og driv fiskebåten med same namn.

I fjor skulle fartøyet inn til 10-års klassing. Det tok mykje lenger tid enn planlagt fordi verftet klassinga skulle gjerast ved, fekk vanskar med å få tak i nok arbeidsfolk på grunn av korona.

Dermed kom båten for seint ut i fisket etter nordsjøsild i juli og august.

I tillegg gjorde manglande fiskeriavtale med britane at båten ikkje fekk tilgang til fiske i britisk sone, og gjekk glipp av ytterlegare fangst.

Konsekvensen viser i reknskapen, inntektene gjekk ned med over 15 millionar kroner, og både reiarlag og konsern fekk minusresultat (sjå tabell).

Tidlegare i sommar opna Ervik & Sævik sitt nye næringsliv-, restaurant og galleribygg, - Horisont - på Mjølstadneset i Herøy.

Ervik og Sævik as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt80,795,9
Driftsresultat3,814,3
Resultat før skatt-4,54,7
Christina E as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt80,795,8
Driftsresultat5,615,3
Resultat før skatt-2,45,7

Publisert: 03.08.2022 10:10

Sist oppdatert: 05.08.2022 10:46

Mer om