20220616 144036
R-ART: Magne Furuholmen er første utstillar i kunstgalleriet R-Art. Fiskebåtreiar Rita Sævik har sjølv kjøpt eit tjuatals verk av Furuholmen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Her har du ei som går «all in»

Magne Furuholmen rosar kunstsatsinga til Rita Sævik, og hadde ikkje noko val då ho ville ha han først ut.

17.06.2022

- Nei, når Rita har bestemt seg for noko, så blir det også slik.

Torsdag opna Magne Furuholmen salsutstillinga si i det nye næringslivs- og kunstbygget Horisont på Mjølstaneset i Herøy.

Eit trettitals verk har Sævik køyrd med hengar frå atelieret i Asker til det nye kunstgalleriet R-Art i Horisont.

- Det er ei spesiell utstilling ettersom her er verk frå minst 20 år av mitt liv som kunstnar. Og det er Rita som i stor grad har bestemt kva som skal vere med.

- Vi har utvikla eit nært venskap. Ho er ei fargerik kvinne som går «all in» når det er noko som ho trur på. Det likar eg.

Stort mangfald
Seinare kjem Nico Widerberg og Haakon Bleken med utstilling til det nye galleriet i Herøy.

- Ei fantastisk satsing, seier Furuholmen.

Sævik har også fylt heile Horisont med verk frå samlinga til reiarlaget Ervik & Sævik. Her er det også fleire verk av Magne Furuholmen, som synst ikkje alt Rita har kjøpt er i hans smak.

- Her er ein god del spennande kunst, men ein del fell som utanfor mi orientering. Men eg likar betre å vere ein del av eit kunstnerisk mangfald, enn av eit kunstnerisk einfald.

Marvin
KUNST OG BUSINESS: Marvin Wiseth leia konferansen 'Kunst og business', her i samtale med Magne Furuholmen. Foto: Kjetil Haanes

Ikkje berre ein fordel
Under ein konferanse om kunst og business i regi av Sparebank1 SMN fortalde Furuholmen om sitt kunstnarliv i samtale med tidlegare Trondheim-ordførar Marvin Wiseth.

Furuholmen meinte at for han som kunstnar ikkje var ei ulempe å vere kjend frå popgruppa A-ha, sjølv om det også hadde sine ulemper.

- Eg hadde pengar frå min andre hobby, musikken, og eg hadde eit publikum som visste kven eg var.

- Men samstundes var det slik at alle plassane eg ikkje ville inn stod dørene vid opne medan dit eg ville inn var dørene bolta igjen, sa Furuholmen, som opplyste at han vurderte å gi ut si første utstilling under pseudonym.

Når eg kjem inn på ein nattklubb og dei set på ‘Take on me’, så døyr eg innvendig
Magne Furuholmen

Lagar stemning
Furuholmen har ein svært allsidig produksjon, med alt frå måleri til keramikk, tresnitt, glas og grafikk.

Sjølv seier han at han prøvar å formidle ei stemning.

- Eg lagar lyd, eg lagar dikt og eg lagar bilde, og prøvar å lade romet med ei stemning – anten det er gjennom lyd eller objekt.

Sjølv likar han ikkje å sjå på eigne bilde, ei heller høyre på eigen musikk.

- Når eg kjem inn på ein nattklubb og dei set på ‘Take on me’, så døyr eg innvendig. Det er grusomt, sa Furuholmen som likevel kunne opplyse at det vart både meir ny musikk og film med A-ha.

Mykje kunst er gøymt
Under konferansen fekk Espen og Rita Sævik i reiarlaget Ervik & Sævik stor ros for satsinga frå mange hald, også frå advokat Ole-Reinhart Notø i Adviso.

Han viste til opplysningar frå Panama Papers om at rikfolk har kunst for 850 milliardar kroner skjulte i kjellarar og bunkersar, slik som i Sveits.

- Det finst ein eksklusiv elite som oppbevarar mykje av kunsten slik.

Han meinte at kunsten måtte opp på veggane eller ned på golvet om den skulle ha nokon verdi.

- Det er det vi ser her, med heile bygget fylt med kunst. Slik skal det vere.

Publisert: 17.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 17.06.2022 00:09

Mer om