Volantis
AVTALE: Volantis sikrar endå meir arbeid for DeepOcean. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Fekk forlenga kontrakt med DeepOcean

Sikrar eitt års arbeid for fleirbruksskipet Volantis.

23.11.2021

Ålesund-selskapet Volstad Maritime har inngått eittårskontrakt med DeepOcean for fleirebruksfartøyet Volantis.

Kontrakten er ei direkte forlenging av eksisterande kontrakt, og vil vare i eitt år frå januar neste år.

Volstad Maritime opplyser i ei pressemeldingat selskapet har tette band til DeepOcean, og har hatt samarbeid sidan 2007.

- Ekstremt utfordrande
Adm. dir. Eirik Syversen er glad over kontrakten.

- Marknaden har vore ekstremt utfordrande i dei siste seks åra, men vi har heile tida funne løysingar saman med DeepOcean for å halde Volantis i arbeid.

- Difor er det ekstra tilfredsstillande at samarbeidet held fram no som marknaden ser ut til å ha betra seg både for kontraktørar og reiarlag.

Publisert: 23.11.2021 10:47

Sist oppdatert: 23.11.2021 13:50

Mer om