Gode tall fra Volstad Maritime
ÅLESUND: Volstad Maritime eig blant anna søsterskipa Grand Canyon, Grand Canyon II og Grand Canyon III, her sistnemnde ved kai i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skriv ned verdiar og treng ny avtale med bankane

Volstad Maritime slit med gjelda etter eit nytt tapsår. No treng konsernet ny avtale med bankane.

17.09.2021

Dagens refinansieringsavtale vart inngått i 2017 og varer ut året. Men konsernet blør pengar, og er no avhengig av å få ein ny avtale eller å forlenge dagens avtale. Dette skriv styret i årsrapporten.

Konsernet har eigarskap i 26 ulike selskap, og eig heilt eller delvis ni offshoreskip.

I 2020 omsette konsernet for 459,8 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på minus 206,1 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Volstad Maritime Holding
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 459,8 486,3
Driftsresultat -118,2 86,5
Resultat før skatt -206,1 -86,2

Gjeld på 2,6 milliardar
Bak det store tapet skjuler det seg nedskrivingar i skipsverdiar på 201 millionar kroner. Dette gjeld skipa Ocean Endevaour, Geo Caspian og Deep Cygnus.

Seismikkskipet Geo Caspian har ikkje hatt oppdrag i 2020, medan subseaskipet Deep Cygnus gjekk av kontrakt i april i år.

Volstad Maritime Holding har ein samla eigenkapital på 1,2 milliardar kroner, og ei langsiktig gjeld på 2,6 milliardar.

Hyrt inn rådgivarar
Styret skriv at ein på kort sikt vil klare å dekke gjeldsforpliktingane ettersom dagens refinansieringsavtale har fleksibilitet i forhold til inntening.

Refinansieringsavtalen er overhalden for åtte av ni skip utan at det er tilført ny likviditet frå konsernet.

Avtalen inneber at nokre av selskapa i konsernet betalar normale avdrag, medan andre betalar berre 5 prosent av dei opprinnelege avdraga. For desse kan bankane på visse vilkår tiltre pant, men så langt har ikkje dette skjedd.

Men no treng konsernet forlenging av avtalen, eller ein ny avtale med bankane. Det er hyrt inn eigne finansielle og juridiske rådgivarar for å bistå i prosessen.

Havila Holding gjennom selskapet Sæviking eig 52,5 prosent av Volstad Maritime Holding, medan Ola Volstad eig 47,5 prosent.

Publisert: 17.09.2021 16:19

Sist oppdatert: 17.09.2021 15:39

Mer om