ALFRED BJØRLO FOTO OGNE
VIL HA MEIR DISTRIKTSUTDANNING: Venstre-politikar Alfred Bjørlo vil ha betre moglegheiter til høgare utdanning i distrikta. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fekk gehør for meir utdanning i distrikta

Nordfjord-modell er forbilde for korleis ein kan lage studiesentra for høgare utdanning.

Marius Rosbach
02.03.2022

Alfred Bjørlo (V) møtte ein lydhør minister då han nyleg tok opp spørsmålet om meir utdanning i distrikta i eit spørsmål i Stortinget.

Stortingsrepresentanten frå Nordfjordeid ville vite korleis regjeringa jobba med å sikre meir utdannning i distrikta. Han meiner Studiehub Nordfjord er eit godt døme.

– Kort fortalt handlar modellen om at Studiehub Nordfjord skal vere tilbydaren som legg til rette for organisering av og strukturar for den desentraliserte utdanninga i regionen Nordfjord, fortalde Bjørlo.

Utdanning påverkar flyttemønster mest
Venstre-politikaren meiner det hastar å få på plass konkrete modellar for meir høgare utdanning i Distrikts-Noreg.

– Det gjeld berre å få den berømte fingeren ut og kome i gang, sa Bjørlo.

Han viste til at utdanning er den faktoren som påverkar flyttemønsteret mest i retning av sentralisering.

– Samtidig veit vi at trongen for meir utdanning og kompetansepåfyll gjennom heile livet berre vil bli større i åra framover, ikkje minst knytt til det nye, grøne distriktsnæringslivet som no skal vekse fram, påpeika Bjørlo.

Vil bygge nettverk av studiesentre
Forskings- og utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) kunne svare at han kjente godt til Studiehub Nordfjord og han trur slike initiativ kan vere gode verktøy for å nå ut i lokalmiljøa.

Regjeringa vil bygge ut eit nettverk av studiesentra rundt om i landet på plassar der det ikkje er studiestader for fagskule, høgskule eller universitet.

– Eg tek sikte på å etablere ei søknadsbasert ordning for studiesentra som kjem i gong i løpet av våren, svara Borten Moe.

Sp-statsråden viste til at regjeringa også auka potten til fleksibel og desentralisert utdanning i årets budsjett.

Publisert: 02.03.2022 11:14

Sist oppdatert: 02.03.2022 15:07

Mer om