Tom emil olsen foto marius 11
REKESUKSESS: Tom Emil Olsen fortalde i fjor haust om arbeidet med Coldwater Prawns of Norway under ein konferanse på heimebane i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fekk gjev pris andre år på rad

Ulsteinvikar leiar «verdas beste merkevarebyrå».

Marius Rosbach
27.01.2022
Merkevarebyrået Kind med ulsteinvikaren Tom Emil Olsen ved roret er igjen kåra til «Globalt Agency of the Year».

Det betyr at det Bergens-baserte byrået er rangert som dei beste i bransjen av World Brand Design Society.

Vann for andre år på rad
Kind-byrået fekk også den prestisjefylte utmerkinga i fjor.

– Å vinne den gjevaste prisen på World Brand Design Society Awards to år på rad kjenst uverkeleg. Dette er den fjerde globale prisen vi er tildelt i løpet av dei siste tre åra, og understrekar korleis vår merksemd på kvalitet og kreativitet held fram med å levere resultat, uttaler Olsen i ei melding på heimesida til Kind.

Prisutdelinga for 2021/22 gjekk av stabelen i London og Kind fekk til saman 17 prisar i år.

Coldwater Prawns-suksess
På Nordvestlandet har Kind mellom anna hatt suksess med å bistå Coldwater Prawns of Norway. Etter at rekeseljarane auka salet kraftig etter at dei la om til ny «luksusinnpakning» for nokre år sidan.

Merkevarebyrået er eigd av Tom Emil Olsen, som også er kreativ leiar.

Den utflytta sunnmøringen har erfaring frå Tegneren i Ulsteinvik og Havnevik i Ålesund, men starta for seg sjølv med Kind Conceptual Branding i 2013. Hovudkontoret ligg i Bergen og dei har også avdelingskontor i Oslo, Edinburgh, Aberdeen og Shanghai.

Publisert: 27.01.2022 11:50

Sist oppdatert: 27.01.2022 11:52

Mer om