Fekk ikkje Moereaksen inn i NTP uttale
IKKJE NEMNT: Møreaksen er ikkje nemnt konkret i uttalen til nasjonal transportplan fram til 2033 frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Fleirtalet meiner likevel ikkje det er nokon tvil om kva dei meiner og Anders Riise (innfelt) lukkast ikkje med sitt forsøk på å få fjordkryssingsprosjektet inn i teksten.
Nytt

Fekk ikkje Møreaksen inn i NTP-uttale

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal prioriterer vedlikehald framfor store vegprosjekt – men Høgre var på nippet til å få skvisa inn Møreaksen.

Marius Rosbach
14.05.2020
Anders Riise (H) fekk ikkje med seg fleirtalet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal om å ta inn Møreaksen i teksten til høyringsuttalen til ny Nasjonal Transportplan 2022-2033. Men det var nære på - og til sist gjorde ueinigheit kring røystinga at Riise trekte sitt forslag.
Resultatet blei at fylkesutvalet sender ei uttale til regjering og storting der dei i første rekke ber om eit statleg program for å fjerne etterslepet på vedlikehald på fylkesvegane.
E39 Ålesund-Molde står som eige punkt og både Per Vidar Mjølmoen (Ap) og Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) meinte at sjølv om ikkje Møreaksen var nemnt i teksten, så er det ikkje noko tvil kva trasé fylkespolitikarane vil ha over Romsdalsfjorden.
– Møreaksen blei vedteke av Stortinget allereie i 2017, la Frisvoll til.

Eksportvegen og bypakkar

Kristin Sørheim som leiar samferdsleutvalet, la fram forslaget frå fleirtalskonstellasjonen, som berre hadde mindre endringar frå den 5. mai.
– NTP fortener ikkje å bli kalla nasjonal transportplan om ikkje fylkesvegane er med, sa Kristin Sørheim (Sp).
Ho meinte «folkekravet» i Møre og Romsdal i første rekke går på at dei eksisterande vegane blir betre, med utbetring av flaskehalsar, skredsikring og billigare ferjer.
Fleirtalet som i fylkesutvalet består av Ap, Sp, KrF, V og MDG, bad om at prosjekta som allereie er vedteke – som krabbefelt på Ørskogfjellet og E136 Breivika-Lerstad blei gjennomført. I tillegg vil dei prioritere eksportvegen E136 frå Ålesund til grensa av Innland fylket, saman med mellom anna bypakkane for Ålesund og Molde.

Høgre ville prioritere fjordkryssing

Høgres Anders Riise fremma i utgangspunktet eit forslag som tydeleg viste at fylkespolitikarane framleis stod på prioriteringane om ferjefri E39 og fjordkryssingane – med Møreaksen på topp. Partiet vil prioritere det å knytte bu og arbeidsmarknadsregionar saman.
– Det er dette som fungerer og som vil skape vekst og utvikling i åra framover, sa Riise og viste til engasjement frå næringslivet om det same.
NHO Møre og Romsdal åtvara seinast onsdag mot ei nedprioritering av Møreaksen.
Ettersom høgrepolitikaren forstod at deira forslag ikkje ville få fleirtal, oppmoda han om at fleirtalet tok inn Møreaksen i parentes, under punktet «Molde-Ålesund», for at det ikkje skulle være tvil om trasevalet.
I første omgang gjekk fylkesordføraren med på utvalet kunne stemme over dette – og hadde tydeleg fleirtalet på gli. I staden enda diskusjonen med ueinigheit om korleis ein skulle stemme, og Riise trekte sitt forslag.

Les også:




Frp: – Luftslott

Frank Sve (Frp) var også bekymra for etterslepet på vegane – men mest uroa var han for at vegprosjekt som allereie er vedteke, ikkje er sett i gong.
Han viste til at det i gjeldande NTP for 2018-2023 ligg inne prosjekt på 4,43 milliardar i fylket, som ikkje er starta opp. Sve peika på at det ikkje er politikarane sine feil og at ansvaret ligg hos fylkesadministrasjonen og vegstyresmaktene.
– Når det samtidig blir nytta planleggingsmidlar til Møreaksen, så blir eg litt matt, sa Sve - og omtala Møreaksen som eit «luftslott», som aldri ville bli gjennomført.

Vil at Nye Veier bygger eksportvegen

Frp ville i første rekke prioritere vegstrekningane frå Ålesund via Romsdalen til grensa mot Innlandet fylket, og at ansvaret blir gitt til det statlege selskapet Nye Veier.
I ei frå mars i år skisserer selskapet ein reduksjon på med 25 minutt ved ei løysing som er anslått å koste 17,5 milliardar.
– Vi ønsker at Nye Veier skal få den moglegheita og trur det kjem til å skje, sa Sve.
(ekstern lenke)
(ekstern lenke)
NTP fortener ikkje å bli kalla nasjonal transportplan om ikkje fylkesvegane er med

Publisert: 14.05.2020 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57