Fekk ikkje straum til ny fabrikk
EKSTRAKOSTNAD: Driftsdirektør Karl Inge Slotsvik seier ferjekostnadar, straummangel og vassmangel gir selskapet ein ekstrakostnad på omlag 15 millionar kroner i året, samanlikna med om anlegget var plassert i Ålesund.
Nytt

Fekk ikkje straum til ny fabrikk

Hofseth Biocare investerer i ein utvida fabrikk i Midsund. Då bygginga var godt i gang oppdaga dei at det mangla ein vesentleg ting.

30.10.2020
Det som mangla var straum.
Selskapet er i ferd med å fullføre ei utbygging til 130 millionar kroner av fabrikken i Midsund.
Hofseth Biocare videreforedlar avskjær og restråstoff frå lakseoppdrett, og i prosessen med å gjere det om til olje- og beinmjøl- og proteinprodukt trengst det varme. Den varmen skulle lagast ved hjelp av elektrisitet.
Men ledningsnettet til Midsund i dag har ikkje kapasitet til å forsyne fabrikken.
No blir det gassfyring i staden.

Elferjer og lakseoppdrett

Istad Nett arbeider med ein plan for korleis straumforsyninga til Aukra og Midsund kan aukast. Eit tidspunkt for når kapasitetsutvidinga er gjort, og kor stor den blir er ikkje sett.
Istad Nett arbeider og med å sikre kraftforsyning for elferjer Molde-Vestnes og Aukra-Hollingsholmen, og til det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution ved Bud. Andre større kundetilknytninger er også under arbeid eller planlegging.
- Vi vil prøve å arbeide parallelt med å styrke forsyninga til Midsund, seier dagleg leiar Gerhard Eidså i Istad Nett.
Eidså seier Istad Nett skal investere i snitt 60 millionar kroner i året i utbygging av leidningsnettet dei 10 neste åra og at ekstraordinære kundeprosjekt kjem i tillegg.
Størst er investeringane i starten. I år og dei neste to- tre åra skal det investerast over 100 mill kroner årleg.
Ifølgje Eidså er kraftforsyninga inn og ut av Sunnmøre (som Statnett står for) slik at Sunnmøre har kapasitet nok også om ei av forsyningslinjene skulle falle ut. For Nordmøre og Romsdal er vi meir sårbar om tilførselslina inn i området skulle falle ut. Dette er med på å sette begrensninger for tilknytning av nytt stort forbruk i området.

Fyrer med gass

Då Hofseth Biocare oppdaga at det ikkje var straum til den nye fabrikken blei løysinga i staden å basere seg på propan. Det fortalde driftsdirektør Karl Inge Slotsvik då han hadde Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum på besøk denne veka.
- Vi tok det for gitt at vi skulle få straum, sa Slotsvik.
For Hofseth Biocare er det snakk om ein ekstra kostnad ved å installere tank og gassfyring på omlag tre millionar kroner. Ein paradoksal situasjon, var karakteristikken til Slotsvik då han møtte Vedum.
- Du sit og les at no skal vi få batteriferje og så resulterer det i at vi bygger gassfyring, sa Slotsvik.

Kosta meir

Manglande kraftforsyningskapasitet er ikkje den einaste kostnadsdrivande faktoren i Midsund, fortalde Slotsvik til Sp-leiaren.
Manglande vassforsyningskapasitet gjer at Hofseth Biocare byggjer ein vasstank for å sikre forsyning til brannvesenet i tilfelle brann. Og ferjekostnadane for å få råstoffet inn og produkta ut gjorde eit kraftig hopp ved siste takstauke.
Ekstrakostnaden ved å vere i Midsund samanlikna med Ålesund er anslått til 15 millionar kroner i året, har Hofseth Biocare rekna ut.
På pluss-sida er ein godt kvalifisert stab på 35 personar, men på eitt eller anna nivå er det ei grense for kor mykje ekstrakostnadar selskapet vil bere, fortalde Slotsvik til Vedum.

Påverka 3. kvartal

Byggearbeidet i Midsund har ført til redusert produksjon og sal frå anlegget, skriv dagleg leiar Roger Hofseth i kvartalsrapporten for 3. kvartal. Selskapet hadde eit underskot for skatt på 32,9 millionar kroner før skatt i tredje kvartal. (Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).
Men frå 2021 og framover er dette ei avgjerande investering for selskapet, som skal gi storskalafordelar, reduserte kostnadar og meir effektiv drift, ifølgje kvartalsrapporten.

I fjor sommar varsla Hofseth Biocare at selskapet hadde inngått ein intensjonsavtale med helsekostselskapet Garden of Life i USA. Garden of Life, som er eigd av den internasjonale matvaregiganten Nestlé, skal samarbeide med Hofseth Biocare om marknadsføring og utvikling av Hofseth Biocare sine helsekostprodukt, samt at Garden of Life får einerett på sal av Hofseth Biocare-produkt i USA.
Meldinga sendt aksjekursen til Hofseth Biocare rett opp og Hofseth Biocare-sjef Roger Hofseth sa at avtalen ville gjere Hofseth Biocare til eit lønsamt selskap om den blei til ein bindande avtale.
Frå slutten av juni til slutten av november 2019 steig kursen frå 2,45 til 10,88 kroner per aksje. I dag opna handelen med Hofseth Biocare-aksjar til kurs 7,60, som verdset selskapet til 2,7 milliardar kroner.
I ei oppdatering om Garden of Life-avtalen i kvartalsrapporten skriv Hofseth Biocare at når tørkeanlegget i den nye delen av fabrikken på Midsund opnar i 4. kvartal har Hofseth Biocare gjort unna dei siste førebuingane "for å forsyne Garden of Life".

Publisert: 30.10.2020 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04